Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Ny støtteordning for elevar i vidaregåande opplæring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Utdannings- og forskningsdepartementet

Regjeringa la i dag fram stortingsmeldinga om ny støtteordning for unge elevar i vidaregåande opplæring. Den nye støtteordninga er særleg retta inn mot elevar frå familiar med svak økonomi, og det er spesielt teke omsyn til utgifter til læremiddel. (28.03.03).

Pressemelding

Nr.: 023-03
Dato: 28.mars

Ny støtteordning for elevar i vidaregåande opplæring

Regjeringa la i dag fram stortingsmeldinga om ny støtteordning for unge elevar i vidaregåande opplæring. Den nye støtteordninga er særleg retta inn mot elevar frå familiar med svak økonomi, og det er spesielt teke omsyn til utgifter til læremiddel. For nokre elevar kan den nye ordninga innebære ein stipendauke på 20 800 kr per skoleår. For einskilde grupper, til dømes lærlingar, kan auken bli på over 35 000 kroner.

Stortingsmeldinga har tittelen Kilder til kunnskap, og den nye støtteordninga skal framleis administrerast av Lånekassen. Dersom Stortinget gir si tilslutning til forslaga i meldinga, vil støtteordninga bli styrkt med nærmare 400 millioner kroner frå skoleåret 2003-2004

Ordninga byggjer på desse hovudprinsippa:

  • Vidaregåande opplæring skal finansierast med stipend, ikkje med lån.
  • Støtteordninga tek omsyn til utgifter til læremiddel.
  • Støtteordninga er basert på behovsprøving.

Som ein konsekvens av den nye støtteordninga vil det ikkje lenger vere høve til å ta opp lån for å ta vidaregåande opplæring, med unntak av lån til dekking av skolepengar for elevar som går ved private vidaregåande skolar. Bortfallet av lån skal bli kompensert gjennom høgre stipend til elevar frå familiar med svak økonomi:

  • Det blir innført eit nytt behovsprøvd læremiddelstipend på opptil kr 3 500 per skoleår. Læremiddelstipendet kjem i staden for utlånsordninga for lærebøker som ikkje blir bygd vidare ut. I tillegg vil det bli innført eit behovsprøvd grunnstipend på opptil kr 1 730 per månad for elevar frå familiar med svak økonomi.
  • For bortebuande elevar inneheld den nye ordninga eit ikkje-behovsprøvd bustipend på kr 3 450 per månad og eit reisestipend for dei som under opplæringa bur langt borte frå foreldreheimen.
  • For elevar frå familiar med svak økonomi kan den nye støtteordninga i forhold til ordninga som gjeld i dag, innebere ein auke i stipend på opptil kr 20 800 per skoleår. For einskilde grupper – til dømes lærlingar – kan den nye ordninga gi ein auke på over 35 000 kroner per skoleår.
Til toppen