Historisk arkiv

14,2 milliardar kroner til forsking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Utdannings- og forskningsdepartementet

Dei samla løyvingane til forsking og utvikling (FoU) i framlegget til statsbudsjett for 2005 er på 14,2 milliardar kroner. (06.10.04)

Pressemelding

Nr.: 065-04
Dato: 6.oktober

14,2 milliardar kroner til forsking

Dei samla løyvingane til forsking og utvikling (FoU) i framlegget til statsbudsjett for 2005 er på 14,2 milliardar kroner. Midlar til petroleumsforsking og styrking av det internasjonale forskingssamarbeidet blir prioritert. Regjeringa legg òg stor vekt på SkatteFUNN-ordninga, som gir bedriftene skattefrådrag for FoU-verksemd. Eit overslag viser at det samla skattefrådraget for prosjekt som er utførte i perioden 2002–2004, blir opp mot 4 milliardar kroner.

Regjeringa vil sikre at petroleumssektoren framleis skal vere ein vesentleg bidragsytar til finansieringa av velferdssamfunnet og til industriell utvikling i heile landet. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til petroleumsforsking med til saman 113 millionar kroner over budsjetta til Olje- og energidepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet.

Regjeringa legg stor vekt på å styrkje internasjonalt forskingssamarbeid. Forskingssamarbeidet gjennom EU blir stadig viktigare. I EUs sjette rammeprogram for forsking er prosjekta meir omfattande enn i tidlegare rammeprogram. For at norske FoU-miljø skal kunne delta i prosjekt under det sjette rammeprogrammet, trengst det midlar til nasjonal tilleggsfinansiering, særleg i instituttsektoren. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til nasjonal samfinansiering av EU-prosjekt med 50 millionar kroner til om lag 100 millionar kroner.

Nord-Amerika er det mest forskingsintensive området i verda. Regjeringa satsar derfor på å styrkje samarbeidet mellom norske forskarar og forskingsmiljø i USA og Canada. Regjeringa foreslår å løyve 10 millionar kroner til å følgje opp ein ny strategi for auka forskings- og teknologisamarbeid med Nord-Amerika.

Regjeringa foreslår å styrkje Noregs bidrag til internasjonal landbruksforsking med 25 millionar kroner til 110 millionar kroner. Internasjonal landbruksforsking er eit viktig verkemiddel i kampen mot fattigdom og svolt.

Løyvinga til doktorgradsstillingar aukar med om lag 86 millionar kroner. Ho gir 100 nye doktorgradsstillingar frå hausten 2005 og finansierer heilårskostnaden av 200 nye stillingar som blei oppretta hausten 2004. Doktorgradsstillingar er viktige for å sikre god rekruttering til forskingsstillingar ved universitet, høgskular, institutt og i næringslivet.

Regjeringa foreslår å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 3,2 milliardar kroner til 36 milliardar kroner. Kapitalauken gir ei auka avkasting på om lag 140–150 millionar kroner i 2006 med den renta som er i dag. Det er med på å sikre den langsiktige finansieringa av forsking.

Mangel på ”risikovillig kapital” er eit stort hinder for kommersialisering av nye innovative prosjekt. For å betre tilgangen til slik kapital foreslår Regjeringa å løyve 500 millionar kroner i ansvarleg lån og 125 millionar kroner i tapsfond for å opprette tre nye landsdekkjande såkornfond. Fonda skal vere finansierte halvt om halvt mellom staten og private. Fonda skal etablerast i universitetsbyane Bergen, Oslo og Trondheim, men kan brukast til å investere i såkornprosjekt i heile landet.

Regjeringa vil fremje ei ny stortingsmelding om forsking våren 2005. Internasjonalt forskingssamarbeid, forskingsbasert nyskaping og innovasjon og kvalitet i forskinga kjem til å vere gjennomgåande perspektiv i meldinga. Meldinga skal òg innehalde ein gjennomgang av den norske forskingsinstituttsektoren.