Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Utval skal lage ny miljøvernlov for Svalbard

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

25. oktober 1996

Utval skal lage ny miljøvernlov for Svalbard

Regjeringa har i dag sett ned eit utval som skal lage framlegg til miljøvernlov for Svalbard. Den viktigaste ambisjonen for arbeidet til utvalet vil vere å lage ei lov som sikrar at Svalbard blir eitt av verdas best forvalta villmarksområde, seier miljøvernminister Thorbjørn Berntsen.

Miljøvernlovgjevinga bør som utgangspunkt gi minst like sterkt vern av miljøet på Svalbard som på fastlandet. På bakgrunn av dei unike miljøverdiane på Svalbard kan det i einskilde tilfelle også vere behov for strengare vern. Trass i dette har miljøvernreglane likevel blitt hengande etter i utviklinga, og det er no behov for ei monaleg oppgradering i form av ny miljøvernlov. Noreg har rett, og langt på veg også plikt etter Svalbardtraktaten til å syte for å verne og restaurere den unike naturen på Svalbard. Utvalet skal med utgangspunkt i denne plikta utarbeide eit lovframlegg som inneheld føresegner for alle miljøområda. Andre internasjonale miljøkonvensjonar, røynsler frå miljøforvalting på fastlandet og frå andre arktiske land vil vere viktige element i arbeidet til utvalet. Vidare vil det vere ei viktig føring når framlegget blir utarbeida at ein samrøystes Miljø- og energikomite på Stortinget uttrykte at "Ved konflikt med andre interesser på Svalbard mener komiteen at miljøhensyn skal veie tyngst" (s. 4 i Innst. S.nr. 11, 1995-96). Uttalen kom i samband med handsaminga av St. meld. nr. 22 "Om miljøvern på Svalbard", som gir viktige føringar for utvalet sitt arbeid. Utvalet skal leiast av ekspedisjonssjef dr. juris. Inge Lorange Backer i lovavdelinga i Justisdepartementet. Elles har utvalet med 15 medlemmer mellom anna representantar for Svalbardrådet, Naturvernforbundet og Svalbard reiselivsråd. Aktuelle departement er også med. linkdoc022005-070087#docSe vedlegg


Kontaktpersonar i Miljøverndepartementet: Prosjektleiar Tore Ising tlf. 22 24 59 96 Utvalssekretær Mette Møglestue tlf. 22 24 59 57


Lagt inn 25 oktober 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen
Til toppen