Historisk arkiv

Ølen - Reguleringsplan, Bergsneset industriområde (landbruk/jordvern)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Avgjerd i motsegnsak, 29.6.2001

Ølen – Reguleringsplan, Bergsneset industriområde

Ølen kommune - Motsegn til reguleringsplan for Bergsneset industriområde

Vi viser til fylkesmannen sin ekspedisjon av 14.03.01, motteke her 20.03.01.

Saka er i samsvar med plan- og bygningslova § 27-2, nr. 2 sendt Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd. Fylkeslandbruksstyret i Hordaland fylkeskommune har motsegn til planen fordi han ikkje tek stilling til innløysing av jordbruksareal som vert regulert til industriføremål.

Departementet stadfestar reguleringsplan for Bergsneset industriområde. Spørsmål knytt til gjennomføring av arealbruken i ein plan er ikkje grunn til motsegn. Motsegna frå Fylkeslandbruksstyret i Hordaland er etter dette ikkje teken til følgje.

Bakgrunn for saka:

Fylkeslandbruksstyret I Hordaland har reist motsegn mot reguleringsplanen for Bergsneset industriområde. Fylkeslandbruksstyret meiner ein vesentleg reduksjon av dyrka marka rundt ein driftsbygning med husdyrbruk er en driftsmessig ulempe og " held fast på kravet om at heile arealet på nedsida av vegen med driftsbygningen må innløysast".

Kommunen viser til at fylkeslandbruksstyret ikkje har motsett seg at heile eigedomen vert regulert om industriføremål. Kommunen har lagt mykje arbeide i å finna ei løysing med erstatningsjord utan at det har ført fram så langt.

Fylkesmannen viser i sitt oversendingsbrev til departementet til rundskriv T-5/97 om "innsigelser i plansaker mv.". Fylkesmannen meiner at motsegna i denne saka ikkje rettar seg mot utlagt arealbruk eller reguleringsføresegner slik rundskrivet omtalar vilkåra for motsegn. Fylkesmannen tilrår at Miljøverndepartementet stadfestar planen. Fylkesmannen fann ikkje grunn til å mekle i saka.

Landbruksdepartementet seier i sin høyringsfråsegn av 22.05.2001 seg samd i fylkesmannen sin vurdering om at spørsmålet om innløysing i første rekke er ei sak som gjeld gjennomføringa av planen. Departementet meiner vidare at grunnlaget for motsegn neppe er i samsvar med retningslinene, og at det difor ikkje er grunnlag for å endre planen på grunn av motsegna.

I samråd med kommunen, fylkesmannen og Landbruksdepartementet er det ikkje gjennomført synfaring.

Miljøverndepartementet har desse merknadene:

Saka har ei lang historie. Vidareutviklinga av området til den noverande industriverksemda har vore utgreidd i kommuneplan samstundes med handsaminga av reguleringsplanen. Fylkeslandbruksstyret fremma motsegn til same problemstilling i kommuneplanen. Men departementet kan ikkje sjå at det er usemje om den faktiske føremålsendringa frå jordbruk til industri og viser til fylkeslandbruksstyret si uttale av 25.09.98. Her gjeng det fram at styret kan akseptera ein stegvis utbygging i samsvar med planforslaget. Departementet finn difor at konflikten gjeld gjennomføring av planen for den eigedomen som får endra sitt føremål frå jordbruk til industri.

Departement viser til rundskriv T-5/97 "Retningslinjer for bruk av innsigelse i plansaker etter plan- og bygningsloven". Her kjem det fram, slik både fylkesmannen og landbruksdepartementet delvis har peika på, at

  • " innsigelse skal være forankret i, og begrunnet ut fra vedtatte nasjonale eller regionale mål, rammer og retningslinjer …. .
  • En innsigelse må være knyttet direkte eller indirekte til realitetsspørsmål i planutkastet/planforslaget og medføre følger for vedkommende myndighets saksområde.
  • Innsigelsen kan innholdsmessig gå på realiteten i planen eller formelle forhold, ……. eller på selve saksbehandlingen når et spørsmål ikke er ferdig utredet og avgjørelsen derfor bør utsettes. Innsigelser knyttet til rent formelle forhold må imidlertid begrenses til de tilfeller der dette kan ha reelle følger for innholdet i planen i forhold til de interesser vedkommende organ har som oppgave å ivareta.
  • ……. interesser av mer privatrettslig eller privatøkonomisk karakter vil falle utenom, selv om det er offentlige myndigheter som forvalter disse interessene og rettighetene. "

Departementet finn etter dette at grunngjevinga i fylkeslandbruksstyret sitt motsegn slik det er sagt i styret sine vedtak 19.12.97 og 25.09.98 ikkje er i samsvar med retningslinene. Departementet kan heller ikkje sjå at andre nasjonale eller viktige regionale interesser vert påverka.

Miljøverndepartementet har etter dette gjort følgjande

vedtak:

I medhald av § 27-2 i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 stadfestar departementet Ølen kommunestyre sitt vedtak i møte den 21.03.00 om reguleringsplan for Bergsneset industriområde med føresegner.

I samråd med kommunen er det gjort nokre mindre endringar i føresegnene og namnsettinga av fellesareala i planen.

Det stadfesta plankartet og føresegnene følgjer vedlagt med påteikning om stadfestinga.

Departementet finn etter det opplyste at reguleringsplanen er handsama i samsvar med føresegnene i plan- og bygningslova, og at sakshandsaminga av saka ikkje gir grunn for merknader.

Om kunngjering av stadfesta reguleringsplan viser vi til reglane i plan- og bygningslova § 27-2, nr. 3.