Historisk arkiv

Finansdepartementet opnar for at fleire ferjeselskap får tax free-sal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Finansdepartementet

69/2001

Pressemelding

Nr.: 69/2001
Dato: 16.08.01
Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09, mobil 913 22 811

Finansdepartementet opnar for at fleire ferjeselskap får tax free-sal

Finansdepartementet ynskjer meir lik handsaming av ferjeselskap som trafikkerer mellom Noreg og Sverige. Norske og svenske styresmakter har utarbeid eit utkast til en avtale som opnar for at fleire ferjeselskap får løyve til tax free-sal. Denne avtalen blir om kort tid sendt på høyring frå Finansdepartementet.

Tax free-sal er i utgangspunktet ikkje lov på korte ferjeruter innafor linja Risør – Lysekil. Eit ferjeselskap har likevel hatt dispensasjon sidan 1987 til å drive slikt sal på strekninga Sandefjord – Strømstad. Departementet meiner ein slik forskjellsbehandling er uheldig, og finanskomiteen i Stortinget har sagt seg einig i det. Den nye avtalen mellom Finansdepartementet i Sverige og Noreg opnar for at fleire ferjeruter i frå linja Risør - Lysekil inntil linja Sandefjord – Strømstad kan selje tax free-varer. Det stilles to hovudkrav for ei slik tillating, heilårstrafikk og kapasitet til å frakte godsbiler.

Ut frå mellom anna faren for auka grensehandel vil departementet ikkje tillate tax free-sal lenger inn i Oslofjorden. Svenske styresmakter ynskjer heller ikkje å tillate ytterlegare dispensasjon.

Avtalen mellom Sverige og Noreg vil om kort tid bli sendt på høyring, saman med utkast til endra forskrift. Departementet tek sikte på at dei nye reglane vil gjelde frå 1. juni 2002.