Historisk arkiv

Noreg får eit betre politi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

– Målet med politimeldinga er å nytte færre politifolk til ledelse og administrasjon og få fleire ut på gata, noko som alt i alt skal gi oss ei betre polititeneste. Kampen mot kriminaliteten må verte meir effektiv, seier justisminister Hanne Harlem, som ønskjer ei anna organisering av etaten. I dag la ho fram politireforma som gjer slutt på ein 100 år gamal politistruktur.

Pressemelding

Nr.: 05-2001
Dato: 12.01.2001
Kontaktperson: Informasjonskonsulent Stig Kolstad tlf 22 24 51 18, prosjektdir. Øystein Blymke tlf 22 24 05 92

Harlem med politireform:

Noreg får eit betre politi

Målet med politimeldinga er å nytte færre politifolk til ledelse og administrasjon og få fleire ut på gata, noko som alt i alt skal gi oss ei betre polititeneste. Kampen mot kriminaliteten må verte meir effektiv, seier justisminister Hanne Harlem, som ønskjer ei anna organisering av etaten. I dag la ho fram politireforma som gjer slutt på ein 100 år gamal politistruktur.

Framlegga i politimeldinga er ein viktig del av programmet til regjeringa om ei fornying av offentleg sektor. Polititenesta vert meir desentralisert medan administrasjonen av politiet vert sentralisert.

– Det er omsynet til folk som har vore det styrande prinsippet med reforma, understrekar Harlem. Endringar i kriminalitetsbiletet gjer det òg naudsynt med ei endring elles i politietaten.

– Kring 400 årsverk skal frigjerast frå adminstrative funksjonar til operativ polititeneste retta mot folk og på stader der det er trong for dei, seier ho.

Ingen misser jobben

– Kriminaliteten er ikkje knytt til politidistriktsgrensene vi har i dag. Kriminaliteten heng saman m.a. av kommunikasjonsmåtar og går på tvers av politidistrikt som grenser mot kvarandre. Dette har ein teke omsyn til i framlegga til dei nye politidistriktsgrensene som no vert fremja, seier Harlem. Ho vil at talet på politidistrikt i Noreg skal vere 28 mot 54 i dag. Talet på politimeistre og administrasjonssjefar vert difor tilsvarande.

– Det er ein føresetnad med reforma at ingen tilsette i etaten misser arbeidet. Føremålet er å få ei betre polititeneste for publikum. Lensmannskontor og politistasjonar har ei lokal forankring hjå folk, og eg vil styrke prinsippet med eit nært og lokalt politi, understrekar ho.

Justisministeren meiner større politidistrikt gjer det mogeleg for politiet å spesialisere seg i kampen mot narkotika, økonomiske brotsverk, miljøkriminalitet og sedelighetsbrotsverk.

– Små politidistrikt har ikkje høve eller ressursar til å skaffe seg spesialkompetansen som vil vere naudsynt i kampen mot kriminaliteten. Ei samling av ressursane vil gjere distrikta betre rusta til å møte utfordringane dei står overfor i framtida. No nyttar mange politidistrikt mykje tid på papirarbeid i staden for å vere ute. Vi treng eit meir synleg politi, seier Harlem.

Samstundes gjer ho det klart at politiet må nytte sine ressursar betre. Større politidistrikt gjer dei meir slagkraftige, seier ho.

Ut frå kontora

Personell som har same funksjon ved politidistrikta - t.d. personell på ein operasjonssentral, vert òg frigjorte til politiarbeid ute. Det er rekna ut eit frigjeringspotensial på 300 årsverk berre ved å slå saman politidistrikt og byggje felles operasjonssentral for dei. Spesielt vil ein sjå slike tydelege resultat i Telemark, Vestfold og Østfold.

Eit krafttak i politiet vil gje eit mykje meir synleg politi. Det vil samstundes gje landet eit politi som er til stades der folk bur – og der det er trong for dei.

– Eg vil ha eit desentralisert politikorps – men færre sjefar i etaten, seier Harlem.

Harlem fremjer òg framlegg om at politimeistrane i framtida berre skal tilsetjast på åremål. Samstundes ønskjer ho ei endring av ei rekkje andre funksjonar i politiet. Ho vil òg leggje ned dei sju regionane til Politiets overvakingsteneste og erstatte dei med minst eitt POT-årsverk ved kvart politidistrikt.

I reforma ønskjer ho m.a. ei samanslåing av Politiets materielltjeneste (PMT) og Politiets datatjeneste, men gjer framlegg om at PMT framleis skal halde til på Gran på Hadeland.

Politidirektoratet vil stå sentralt i endringane politiet no skal gjennom. "Politireform 2000" skal truleg handsamast i Stortinget før sommarferien.

Stortingsmeldinga vert å finne på: :www.odin.dep.no/jd/norsk/publ/stmeld/

Sjå òg pressemld. om domstolsendringa: www.odin.dep.no/jd/norsk/aktuelt/pressem

Her ligg også kart over forslaga: Nyttas dei, må ein oppgje kjelde (Statens kartverk).