Historisk arkiv

Utval skal utgreie lekdommarpraksis

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Justis- og politidepartementet

- Lekdommarar spelar ei viktig rolle i rettssystemet. Kven som skal vere lekdommarar og koreis lekdommarar skal veljast, er difor viktige spørsmål for rettspleia. Det er òg viktig å sikre at lekdommarane er representative med omsyn til etnisk bakgrunn, seier justisminister Hanne Harlem. (09.03.2001)

Pressemelding

Nr.: 42 - 2001
Dato: 09.03.2001
Kontaktperson: Hege Feiring, telefon 22 24 54 40

Utval skal utgreie lekdommarpraksis

- Lekdommarar spelar ei viktig rolle i rettssystemet. Kven som skal vere lekdommarar og koreis lekdommarar skal veljast, er difor viktige spørsmål for rettspleia. Det er òg viktig å sikre at lekdommarane er representative med omsyn til etnisk bakgrunn, seier justisminister Hanne Harlem.

Lagmann Rune Fjeld vart i statsråd i dag oppnemna til leiar av eit utval som skal utgreie praksis og regelverk for val og uttaking av lekdommarar (Lekdommarutvalet). Med lekdommarar meines forliksrådsmedlemmar, lagrettemedlemmar, meddommarar og skjønnsmenn.

Det er eit klart behov for å forenkle og modernisere reglane for val og uttaking av lekdommarar. I 1999 vart spørsmål knytt til lekdommarordninga fleire gonger teke opp i Stortinget. 13. april 1999 fatta Stortinget eit vedtak der Regjeringa vart bede om å gå gjennom praksis ved utvelging av lekdommarar til by-, herads- og lagmannsrettane.

Utvalet skal i hovudsak utgreie:

  • Kva for prinsipp som bør liggje til grunn for utvelging av lekdommarar, samt framlegg til forenkling og modernisering av reglane for val og uttaking av lekdommarar.
  • Framgangsmåtar for å sikre eit representativt tal lekdommarar med anna etnisk bakgrunn
  • Om det bør innførast ei øvre aldersgrense for val som lekdommar
  • Kven som skal vere utelukka eller kan krevje seg friteke frå val
  • Om oppgåva med å velje skjønnsmenn skal tilleggjast andre enn fylkestinget
  • Reglar for kontroll av vandelen til lekdommarar

Lekdommarutvalet har følgjande samansetjing: Lagmann Rune Fjeld, Bergen (leiar), professor jur. dr. Ulf Stridbeck, Oslo, kommuneadvokat Janicke Sæther Olsen, Nittedal og stud.polit. Natacha Valebona Rivera, Bergen.

Utvalet sitt arbeid skal vere avslutta innan 1. juli 2002. Føremålet er å kunne ha nye reglar på plass før neste gong lekdommarar skal oppnemnast for ein ny periode.