Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Overføring til Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité for 2001

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 105/00
Dato: 21.12.2000
Kontaktperson: Informasjonsleiar Berit Griebenow, tlf. 22 24 78 09

Overføring til Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité for 2001

Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité (NIF) vil for 2001 få tildelt 289,5 mill. kroner av det forventa speleoverskotet frå Norsk Tipping AS. Dette vart vedteke i statsråd torsdag. Beløpet inneber ein auke på 3,9 prosent samanlikna med 2000.

- Eg er glad for at tilskotet til NIF neste år gjer det mogeleg å satse sterkare på barn og unge, seier kulturminister Ellen Horn.

Beløpet på 289,5 mill. kroner er fordelt slik på dei fire rammepostane: Grunnstøtte NIF sentralt og regionalt 68 300 000 kroner, Grunnstøtte særforbund 109 000 000 kroner, Barn, ungdom og breiddeidrett 50 000 000 kroner og Toppidrett 44 000 000 kroner.

Det er vidare fordelt 18 200 000 kroner i øyremerkte midlar til desse områda:
Anti-doping 9 200 000 kroner, Forsking og utvikling 4 500 000 kroner og Integrering av funksjonshemma 4 500 000 kroner.

Landslaget for Fysisk Fostring i Skolen får 1 200 000 kroner.

Til toppen