Historisk arkiv

Nye reservat og verneområder opprettet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Regjeringa har i statsråd i dag vedtatt verneplan for rike løvskoger i Nordland og veddtatt opprettet tre nye landskapsverneområder og ett naturreservat. Disse er Brattefjell–Vindeggen i Telemark, Kalvøya-Ytre Tronderøya og Raet, samt Østre Ertholmen naturreservat i Aust-Agder. 15.12.00 Les pressemeldingene

Pressemelding

Dato: 15.12.00
Kontaktperson: Rådgiver Stein Kollungstad, 22 24 58 83

Brattefjell-Vindeggen vedtatt landskapsvernområde

Regjeringa har i statsråd i dag vedtatt vern av Brattefjell –Vindeggen som landskapsvernområde med dyrelivsfredning. Området ligg i kommunane Tinn, Vinje, Seljord og Hjartdal i Telemark fylke. Eit framlegg om vern av området blei opprinnelig fremma gjennom landsplanen for nasjonalparkar.

Formålet med vernet er å ta vare på eit vakkert og eigenarta natur- og kulturlandskap. Området huser ein eigen villreinstamme på snautt 500 dyr som det er viktig å ta vare på. Området dekkjer eit areal på omlag 382 km2.

Etter ønskje frå dei kommunar som vernet kjem ved, vil det bli etablert ein lokal forvaltningsordning for landskapsvernområdet. Det skal utarbeidast ein forvaltningsplan for verneområdet. Eit framlegg til verneplan blei send på lokal høyring 12.12.95.