Historisk arkiv

Stortingsmelding om Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Nærings- og handelsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 33/01
Dato: 06.04.2001
Kontaktperson: Jostein Djupvik22 24 05 45

Stortingsmelding om Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND):

Ein offensiv reiskap for næringsutvikling og nyskaping

Eit meir proaktivt verkemiddelapparat

Eit verkemiddelapparat med eit samordna tilbod, ei vidare utvikling av SND som utviklingspartnar og ei ny ordning for lån, garantiar og tilskot er sentrale forslag i  stortingsmeldingaom SND som regjeringa la fram fredag.

SND skal vere ein reiskap i arbeidet med å utvikle eit næringsliv med høg nyskapingsevne og høgt kompetansenivå.

– SND skal bli noe mindre bank og meir utviklingsaktør, seier nærings- og handelsminister Grete Knudsen. For å auke nyskapingsevna og kompetansenivået i næringslivet må SND si røynsle medverke til at små og mellomstore verksemder blir knytt til forskings- og utviklingsmiljø. Vi må sjå verkemidla for forsking, nyskaping og internasjonalisering i samanheng. SND har oppnådd gode resultat, og no må fokuset rettast mot nye utfordringar. Samla legg meldinga eit betre grunnlag for å nytte det statlege verkemiddelapparatet til å ta tak i dei utfordringane vi har i framtida, seier nærings- og handelsministeren.

Regjeringa foreslår ei rekkje tiltak for at SND skal bli ein betre reiskap for næringsutvikling og nyskaping:

Fornying av offentleg sektor

  1. Verkemiddelapparatet skal bli meir heilheitleg. SND, Noregs forskingsråd, Norges Eksportråd og SIVA skal samordne verkemidla sine betre enn i dag. Fylkeskommunane si rolle innafor regional utvikling skal styrkast, og det gjer at vi må sjå nærare på samarbeidet mellom fylkeskommunane og verkemiddelapparatet. Arbeidet med fornying blir ei viktig oppgåve for desse når arbeidsfordelinga i offentleg sektor skal endrast.
  1. SND sine distriktskontor skal vere inngangsporten til verkemidla for næringsutvikling. Det er derfor naturleg at kontora blir utvikla med eit breitt spekter av verkemiddel ut frå kva næringslivet i regionen treng.
  1. SND har på internettsidene sine innført eit tilbod om tilbakemelding innan 24 timar til dei som presenterer nye idear. Sjå tenesta på snd.no

SND som utviklingsaktør

  1. SND skal arbeide meir aktivt mot innovasjons- og kompetansemiljø og kunnskapsbasert næringsliv. Nyskapingsprosjekt blir stadig meir avanserte og verksemdene må knytta seg opp til partnarar i Norge og andre land. SND må bruke sin breie kjennskap til norsk næringsliv i dette arbeidet.
  1. Fokuset på kvinnelege etablerarar må bli sterkare. SND må ta omsyn til dette i heile verksemda. Det blir lagt opp til ei sterkare satsing på gründarar i form av betre finansieringsordningar.
  1. SND skal vere ein pådrivar i arbeidet med å nytte design som konkurransefaktor.

Ny ordning for lån, garantiar og tilskot

  1. Det blir oppretta ei ny ordning slik at SND sjølv kan velje mellom å yte lån, tilskot eller garantiar ut frå ei total ramme. Dette vil gjere SND meir fleksibelt og betre i stand til å kome kundane sine i møte. I dag fastset Stortinget desse rammene kvar for seg.

Regional styring

  1. SND sine regionale styre skal endrast frå å vere rådgjevande til å kunne fatte vedtak, og dei skal oppnemnast av SND sitt hovedstyre. Den regionale forankringa av SND sin aktivitet blir dermed styrka. Grete Knudsen strekar under at det skal bli færre medlemmer i kvart styre enn i dag og at samansettinga skal bli breiare. "Styra må settast saman slik at dei speglar av det næringslivet SND skal tene", seier statsråden.

Tilsyn med SND

  1. Tilsynet med SND si verksemd skal styrkast. Nærings- og handelsdepartementet skal utgreie korleis dette kan organiserast best mogleg.

Nærskipsfart

  • Nærskipsfarten kan inkluderast i SND si verksemd, og dette skal bli utgreidd vidare.