Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Endringar i energilova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 42/01
Dato: 06.04.01
Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Endringar i energilova

Regjeringa har i dag lagt fram ein proposisjon til Stortinget med forslag om endringar i energilova av 1990.

-Det er no over 10 år sidan energilova vart vedteken. Kraftforsyninga har i denne tida vore gjennom ei kraftig omstilling til konkurranse i produksjon og omsetjing samt til ei omfattande regulering av monopolverksemda i nettet. Dei erfaringane som er hausta tilseier at delar av lova no bør endrast for å følgja opp intensjonane med lova. Slik vil lova også fungera betre til beste for kundane, bransjen og samfunnet sine interesser, seier olje- og energiminister Olav Akselsen.

Ein foreslår nye lovføresegner om systemansvar, rasjonering og leveringskvalitet som del av ei klargjering av regelverket. Systemansvaret legg til rette for at ein skal ha ein tilfredsstillande leveringskvalitet i alle delar av landet. Dette ansvaret vert no forankra klart i lova. Samstundes vert det fastsette klare reglar for når ein kan setja i verk rasjonering. I tillegg vert det foreslått å forankra reglane om energiplanlegging i ei ny føresegn for å sikra eit tilstrekkeleg grunnlag for ei heilskapleg og koordinert planlegging av energiforsyninga.

Det vert og foreslått å endra føremålsføresegna slik at også "bruk" av energi vert omfatta av lova. Med hovudansvaret for det totale energisystemet, skal energistyresmaktene syte for at lova stimulerer til ein samfunnsmessig effektiv bruk av energi.

Til toppen