Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Drift av flyrute Røros - Oslo: Danish Air Transport får midlertidig kontrakt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Det danske flyselskapet Danish Air Transport er i statsråd i dag tildelt midlertidig kontrakt for drift av flyrute på strekninga Røros – Oslo. Kontrakten gjeld frå 2. januar neste år. (21.12.00)

Pressemelding

Nr.: 120/2000
Dato: 21.12.00

Drift av flyrute Røros - Oslo: Danish Air Transport får midlertidig kontrakt

Det danske flyselskapet Danish Air Transport er i statsråd i dag tildelt midlertidig kontrakt for drift av flyrute på strekninga Røros – Oslo. Kontrakten gjeld frå 2. januar neste år og inntil ein har fått til ei meir langsiktig løysing for drift av flyrute til og frå Røros. Ei slik langsiktig løysing vil venteleg bli sett i verk i løpet av sommaren 2001, etter at det først er gjennomført ein vanleg anbodskonkurranse.

Danish Air Transport skal fly ruta Røros - Oslo seks gonger i veka, det vil seie på alle dagar med unntak for laurdag. Selskapet vil nytte eit fly av typen ATR 42, med plass til 46 passasjerar.

Tildeling av midlertidig kontrakt for rutedrift Røros – Oslo er skjedd etter ein tilbodskonkurranse, der ein mottok tilbod frå i alt seks flyselskap. Danish Air Transport hadde det lågaste kravet om godtgjersle frå staten. Det er lagt til grunn at billetprisane skal vere på om lag samme nivå som i dag.

Samferdselsdepartementet tar sikte på at spørsmål som gjeld dei budsjettmessige sidene skal leggjast fram for Stortinget ved første høve.

I samband med utforminga av opplegget for utlysing av ordinær anbodskonkurranse vil Samferdselsdepartementet gjennomføre meir detaljerte vurderingar av den samla transportstandarden for Røros-området.

Offisielt fra Statsråd 21.12.2000

Til toppen