Historisk arkiv

Retningslinjer for handtering av abortere foster etter svangerskapsavbrot

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr.: 111
Dato: 21.12.00

Retningslinjer for handtering av abortere foster etter svangerskapsavbrot

Regjeringa legg i dag fram St. meld. nr. 19 (2000-2001) Om handtering av aborterte fostre.

I meldinga blir det lagt fram forslag til prinsipp for helsestellet si handtering av aborterte foster etter svangerskapsavbrot. Retningslinjene gjeld for sjukehus og helsepersonell og skal vere retningsgivande, ikkje juridisk bindande.

På bakgrunn av tidlegare tilråding frå Statens helsetilsyn og behandling i Stortinget foreslår Sosial- og helsedepartementet at desse prinsippa blir lagde til grunn for helsestellet si handtering av aborterte foster:

  • Retningslinjene gjeld for alle aborterte foster inntil 22 fullgåtte veker. Ved svangerskapsavbrot etter 22. veke gjeld reglane i gravferdslova.
  • Ved svangerskapsavbrot før utgangen av 12. svangerskapsveke bør fostermaterialet handterast etter dei same retningslinjene som gjeld for handtering av biologisk materiale.
  • Kvinner som krev svangerskapsavbrot etter utgangen av 12. svangerskapsveke, skal få standardisert skriftleg informasjon om handteringa av aborterte foster. Kvinnene bør få tilstrekkeleg tid til refleksjon, men bør ikkje spørjast.
  • Ved provosert abort etter utgangen av 12. svangerskapsveke, blir fosteret sett ned på ein kyrkjegard eller minnelund dersom kvinna ikkje gir uttrykk for at ho ønskjer handtering etter dei same retningslinjene som gjeld for handtering av biologisk materiale. Tilsvarande gjeld ved spontanabortar som skjer på sjukehus etter utgangen av 12. svangerskapsveke.

Kontaktperson: Grete Gjertsen, 22 24 87 76, privat 22 35 41 82