Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Noreg underteiknar Europarådskonvensjonen om rettsleg vern av tilgangskontrollerte og tilgangskontrollerande tenester

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 11/01
Dato: 19.01.2001

Noreg underteiknar Europarådskonvensjonen om rettsleg vern av tilgangskontrollerte og tilgangskontrollerande tenester

Regjeringa har i dag vedteke å underteikne Europarådskonvensjonen om rettsleg vern av tilgangskontrollerte og tilgangskontrollerande tenester. Det vil i praksis seie koda fjernsynssendingar og andre elektroniske tenester, mellom anna internett-tenester, videogram og ei rekke betalingstenester på internett. Kundane skal ikkje få tilgang til slike tenester utan å ha ei avtale med tenesteleverandøren. Ei rekkje aktivitetar som gjev eller kan gje uautorisert tilgang til slike tenester blir gjort ulovlege. På denne måten blir vederlagskravet betre sikra til dei som tilbyr slike tenester innan kringkasting og informasjonssamfunnstenester. Konvensjonen vil også medføre at lovgjevinga mot slik piratverksemd blir meir lik konvensjonspartane imellom.

Piratverksemd trugar det økonomiske grunnlaget til dei foretaka som tilbyr tenester innan kringkasting og informasjonssamfunnstenester, og manglande rettsleg vern kan påverke mangfaldet av dei programma og tenestene som når ut til publikum.

Dei materielle reglane i konvensjonen samsvarer med Europaparlaments- og rådsdirektiv 98/84/EF. Dette direktivet er EØS-relevant, men enno ikkje vedteke av EØS-komiteen.

Konvensjonen er open for underteikning under Parlamentarikerforsamlinga i Strasbourg 24. januar 2001, og ein tek sikte på at Noreg underteiknar ved dette høvet.

Til toppen