Historisk arkiv

Varslingsutvalets utgreiing på høyring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Arbeids- og sosialdepartementet sender Varslingsutvalets utgreiing om varsling i arbeidslivet på høyring.

Varslingsutvalet har gjennomført ein heilskapleg gjennomgang av varslingsreglane i arbeidsmiljølova og tek til orde for ei rekkje tiltak for å styrkje varslarvernet i norsk arbeidsliv. 

– Utvalet har drøfta eit viktig tema i arbeidslivet. Nå sender vi utgreiinga på høyring, og eg ser fram til å høyre kva høyringsinstansane meiner om utvalets forslag til tiltak, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie. 

NOU 2018: 6 Varsling – verdier og vern

Varslingsutvalet leverte utgreiinga si, NOU: 6 Varsling - verdiar og vern, til arbeids- og sosialministeren 15. mars i år.