Historisk arkiv

Regjeringa foreslår endringar i arbeidstvistlova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Forslaga gjeld bestemmingar i lova om mekling og om Arbeidsretten og blei behandla i statsråd, fredag 24. april 2020. Fleire av endringsforslaga presiserer gjeldande rett, eller er av teknisk karakter.

Formålet med endringane er at desse skal gi enda fleire bidrag til å gjere lova meir tilgjengeleg for brukarane, samstundes som det skal gi avklaringar der det har vore usikkerheit knytt til forståinga av bestemmingane.

Forslaga er nærare beskrivne i Prop. 87 L (2019-2020) Endringer i arbeidstvistloven (om mekling og Arbeidsretten).