Historisk arkiv

Dykkaroperasjonar og losing under arbeidsmiljøloven

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Kongen i statsråd har i dag formelt sanksjonert Stortingets lovvedtak om at dykkaroperasjonar og losing er omfatta av arbeidsmiljøloven.

Lovvedtaket inneber at all arbeidsdykking i norsk farvatn skal skje under arbeidsmiljøloven, også når dykking går føre seg frå skip og av påmønstra mannskap.

Trer i kraft når regjeringa bestemmer det

Alle lovar må sanksjonerast (godtakast) av Kongen for å vere gyldige.  Sanksjon skal skje utan ugrunna opphald. Av den kongelige resolusjonen går det vidare fram at regjeringa seinare vil komme tilbake til spørsmålet om når loven skal tre i kraft.  

Prosess med partane

Stortinget fatta også tre anmodningsvedtak i saka. Desse følgjer regjeringa også opp i dialog med partane i arbeidslivet.