Historisk arkiv

Regulering av grunnbeløpet og pensjonane frå 1. mai 2017

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Grunnbeløpet i folketrygda aukar frå 92 576 til 93 634 kroner frå 1. mai 2017. Dette er ein auke på 1 058 kroner, som svarar til 1,14 prosent.

Regjeringa og organisasjonane har drøfta talgrunnlaget for årets regulering av folketrygdas grunnbeløp og pensjonar frå 1. mai 2017.  

Bilde frå pressekonferansen (Flickr)

Årets trygdeoppgjør er gjennomført etter gjeldande reglar for regulering av grunnbeløpet og pensjonar. Talgrunnlaget har vore drøfta med Pensjonistforbundet, Seniorsaken, Forsvarets seniorforbund, Landslaget for offentlige pensjonister, Funksjonshemmedes felles­organisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, LO, YS, Unio og Akademikerne. 

Kven får kva?

Uføretrygda og andre som får sine ytingar regulert gjennom grunnbeløpet, får ein inntektsauke på 1,14 prosent. 

Alderspensjon under opptening blir auka med 1,14 prosent. 

Regulering av løpande alderspensjonar: Alderspensjonistar får ein auke i pensjonen på 0,38 prosent. 

Regulering av satsane for minste pensjonsnivå

For alderspensjonistar aukar satsane for minste pensjonsnivå med 0,55 prosent. Enkelte av satsane vart og auka 1. september 2016. Etter auken utgjer satsane følgande:  

  • Låg sats (ektefellen/sambuaren har pensjon) aukar frå 147 408 til 148 225 kroner. 
  • Ordinær sats (ektefellen/sambuaren har uføretrygd eller inntekt over 2G) aukar frå 170 765 til 171 711 kroner. 
  • Høg sats (pensjonist med ektefelle/sambuar som har inntekt under 2G) aukar frå 179 748 til 180 744 kroner. 
  • Særskilt sats (einsleg) aukar frå 183 748 til 184 766 kroner og frå 1. september 2017 til 188 766 kroner. 
  • Særskilt sats (ektepar, forsørgjer ektefelle/sambuar over 60 år og fyller vilkåra for rett til ektefelletillegg) aukar frå 280 337 til 281 891 kroner. 

Minste årlege yting for uføretrygda blir etter reguleringa 

  • Ordinær sats: 213 486 (2,28 G, lever saman med ektefelle eller sambuar)
  • Ordinær sats for ung ufør: 249 066 (2,66 G, lever saman med ektefelle eller sambuar)
  • Høg sats: 232 212 (2,48 G, einsleg uføretrygda)
  • Høg sats for ung ufør: 272 475 (2,91 G, einsleg uføretrygda)

Grunnbeløpet, uføretrygd og alderspensjon under opptening skal regulerast i samsvar med lønnsauken, justert for eventuelle avvik mellom forventa og faktisk lønnsauke to år tilbake i tid.

Alderspensjonar under utbetaling skal først regulerast med den same lønnsauken, og deretter vert det fråtrekt 0,75 prosent. 

Satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar vert regulerte med den same lønsauken og deretter justerte for effekten av levealdersjusteringa for 67-åringar i reguleringsåret.