Historisk arkiv

Styrkar innsatsen mot feilutbetalingar frå NAV

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Regjeringa føreslår 30 millionar kroner til tiltak for å redusere feilutbetalingar frå Arbeids- og velferdsetaten (NAV) i revidert nasjonalbudsjett.

– Sjølv om delen feilutbetalingar er låg, viser undersøkingar at feilutbetalingane samla sett summerer seg til store summar kvart år. Å sikre rett yting til rett person er viktig for å oppretthalde tilliten til velferdsordningane, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie. 

På oppdrag frå departementet har Arbeids- og velferdsetaten laga ein handlingsplan mot feilutbetalingar. Planen har som mål å styrke innsatsen for å redusere feilutbetalingar, uavhengig av om årsaken til feilen er gjort av etaten eller som følgje av aktlause eller forsettlege handlingar eller unnlatingar frå brukar. Ekstraløyvingane som er føreslått tryggar at Arbeids- og velferdsetaten raskt kan kome i gong med prioriterte tiltak i planen.

Satsinga bidreg til at fleire feilutbetalingar kan verte avdekkja og kreve tilbake, og at færre krav foreldast. Styrkinga vil også kunne medverke til at løpande feilutbetalingar avdekkast tidlegare, slik at feilutbetalingane vert lågare enn dei elles ville blitt. Det medfører innsparingar for Arbeids- og velferdsetaten og gjer det lettare for den einskilde å gjere opp for seg.

Styrkinga skal dels gje grunnlag for å utvikle nye kontrollmetodar, og dels tiltak som skal medføre større sakshandsamingskapasitet.