Historisk arkiv

Foreslår faste satsar for stønad til barnebriller

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Ordninga med stønad til barnebriller har hatt ein sterk utgiftsauke dei seinare åra. Regjeringa foreslår derfor å innføre faste satsar frå 1. mars 2020.

– Barn som treng det skal framleis få støtte til briller, men stønaden skal ikkje brukast til å dekkje urimeleg dyre briller. Derfor foreslår regjeringa å innføre faste satsar som vil vere tilstrekkelege for å dekkje utgiftene til rimelege, formålstenlege briller for målgruppa, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

På bakgrunn av ein sterk utgiftsauke dei seinare åra, er det gjort ein gjennomgang av ordninga med stønad til barnebriller. Gjennomgangen viser at det var store variasjonar i kostnadane per brille. Den viste også at det i mange tilfelle var gitt stønad til urimeleg dyre briller, fordi det ikkje var sett ei øvre grense for kor dyre briller ein kunne få stønad til. Regjeringa foreslår derfor å innføre ein fast sats frå 1. mars 2020, på 1 200 kroner for ordinære briller, og ein fast sats på 2 400 kronar for ekstra tilpassa briller. Satsane gjeld både utgifter til glas og innfatning.

Gjennomgangen avdekte også behov for å sjå på praktiseringa av ordninga. Arbeids- og velferdsdirektoratet vil derfor bli bedt om å vurdere om det er behov for å endre retningslinjene for ordninga.

Innføringa av faste satsar for ordninga med stønad til barnebriller frå 1. mars 2020 vil gi ei innsparing på 122 millionar kroner i 2020.