Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett

Styrkjer ordninga med aktivitetshjelpemiddel for personar over 26 år med 48 millionar kroner i 2020

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

For at fleire personar med nedsett funksjonsevne skal få høve til å ha ei aktiv fritid og ta del i fysisk aktivitet på linje med andre i samfunnet, foreslår regjeringa å auke bevilgninga til aktivitetshjelpemiddel for personar over 26 år med 48 millionar kroner i 2020.

Aktivitetshjelpemiddel kan til dømes vere sitski, handdrivne tre- og firehjulssyklar, tandemsyklar med og utan hjelpemotor, og pigge- og skøytekjelkar.

– Eg er glad for at det vert mogleg for fleire menneske med nedsett funksjonsevne å leve aktive gode liv, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen.

– Ordninga har vorte så populær at alle pengane var brukte opp 18. mars i år. Difor er det bra at vi får 48 nye millionar kroner no, slik at fleire kan få dei hjelpemidla dei treng, seier han.

Utgiftene til aktivitetshjelpemiddel har auka etter kvart som ordninga vart betre kjent. Ho vart innført frå 1. juli 2014.

– Så snart Stortinget har behandla den foreslåtte auken i bevilgninga til aktivitetshjelpemiddel for personar over 26 år før sommaren, vil Nav kunne gi aktivitetshjelpemiddel igjen, seier statsråden.

– Dei sakene som fekk avslag fordi det ikkje var meir pengar, vil bli behandla på ny, seier han.

Ekstern evaluering

For å finne ut korleis ordninga har fungert så langt, er det sett i gang ei ekstern evaluering. Evalueringa skal også sjå på korleis ordninga best kan organiserast, slik at flest mogleg kan dra nytte av ho. Samarbeidsforumet for funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) og Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) er med i referansegruppa. Desse organisasjonane var også med i arbeidet før ordninga vart innført.