Historisk arkiv

Sender Trygdekoordineringsutvalet si utgreiing på høyring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Trygdekoordineringsutvalet si utgreiing, NOU 2021: 8 Trygd over landegrensene, blei lagt fram 15. juni 2021. No sender Arbeids- og sosialdepartementet utgreiinga på høyring.

Trygdekoordineringsutvalet blei sett ned i kjølvatnet av saka om Nav si feilpraktisering av opphaldskrava i folketrygda for rett til sjukepengar, pleiepengar og arbeidsavklåringspengar. Professor Halvard Haukeland Fredriksen har leia Trygdekoordineringsutvalet, som blei oppnemnt i statsråd 23. juni 2020.

Utvalet har gått gjennom trygdelovgivinga og forholdet til internasjonale avtalar som gjeld trygdekoordinering. Vidare blei utvalet bede om å sjå på korleis dei folkerettslege pliktane bør gjennomførast i trygdelovgjevinga for å leggje til rette for eit klart og tilgjengeleg regelverk.

– Utvalet sin rapport er eit viktig steg i arbeidet med å rydde opp i denne saka. Vi ønsker ei brei høyring for å få gode innspel til det vidare lovarbeidet, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen.

Høyringsfrista er 25. oktober.