Historisk arkiv

Styrker innsatsen for utsette barn og unge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Statsbudsjettet 2015

Stadig fleire barn og unge har behov for hjelp frå barnevernet. For å dekke auka aktivitet styrker regjeringa det statlege barnevernet med 150 millionar kroner.

- Barn og unge skal få riktig hjelp til rett tid. Fleire treng institusjonsplassar eller forsterka fosterheimar. Derfor er denne styrkinga nødvendig, seier barneminister Solveig Horne (FrP).

Talet på barn med behov for hjelp aukar og det er viktig at kommunane prioriterer ressursar til dette området. Regjeringa vil derfor oppretthalde øyremerkinga på 600 millionar kroner til dei kommunale stillingane i barnevernet i 2015.

- Det er òg viktig at barnevernet høyrer barna og aktivt gi dei høve til å medverke i eiga sak, seier Horne.

Skolegang til barnevernsbarn

Barn og unge med tiltak frå barnevernet gjer det ofte dårlegare i skole- og utdanningssamanheng enn andre.

- Å lukkast i skolen er av dei enkeltfaktorane som har størst betyding for eit godt vaksenliv. Barn i barnevernet skal ha dei same moglegheitene til å utvikle evnene sine som andre barn, og vi held fram satsinga på 10 millionar kroner frå 2014, seier Horne.

Ei rekke tiltak vil bli sett i gang i 2015, og barneministeren har allereie starta gjennomgang av barnevernlova og arbeid med ei fosterheimsmelding.

Tidleg innsats

For å hjelpe familiar før problema utviklar seg er tidleg innsats viktig. Derfor satsar regjeringa ytterlegare på førebyggande familievern (sjå eiga pressemelding).

- Kommunar som satsar på tidleg innsats kan på denne måten forebygge før tilhøva blir kritiske. Å prioritere barna er den beste garantien for eit godt samfunn i framtida, seier Horne.

Innsatsen for barn og unge skjer på fleire område. Helse- og omsorgsdepartementet styrker til dømes helsetenesta med 400 millionar kroner. Løyvinga skal styrke helsestasjons- og skolehelsetenesta, psykisk helse og rus.

Styrker arbeidet mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege avgrensingar av unges fridom

For å styrke arbeidet foreslår regjeringa fleire plassar ved bu - og støttetilbodet for personar utsette for tvangsekteskap. Departementet vil arbeide med kompetanseheving retta mot personalet ved krisesenter, til forsking og til å betre det nordiske samarbeidet på området.

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til formålet med 4 millionar kroner.