Historisk arkiv

Endringar i introduksjonslova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

I statsråd fredag 29. mai vart det fremja tre forslag til endringar i introduksjonslova. Føremålet med endringane er å få fleire innvandrarar til å gjennomføre introduksjonsprogrammet og opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

- Dei siste vekene har det vore stor merksemd rundt busetting av flyktningar, men å ta i mot flyktningar handlar ikkje berre om busetting, det handlar også om kvalifisering og integrering. Introduksjonsprogrammet og opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar er sentrale verkemiddel for ein rask og effektiv overgang til arbeid eller utdanning. Eg ynskjer å styrke dette verkemiddelet, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (FrP).

Tre endringar

Statsråd Solveig Horne fremja i dag forslag om tre endringar i introduksjonslova:

  1. Det skal vere mogleg å få permisjon frå introduksjonsprogrammet ved tilbod om arbeid. Det vil gi den enkelte tryggleik i den fyrste sårbare perioden i arbeidslivet, og moglegheit for å gå tilbake dersom erfaringa frå arbeidslivet er at vedkomande treng meir grunnleggande erfaring.
  2. Initiativet til å starte opplæringa vert overført frå den enkelte til kommunen. Dermed vert kommunane si plikt til rettleiing om rettar og pliktar den enkelte har til opplæring skjerpa.
  3. Den enkelte deltakaren må dokumentere kunnskapar om samfunnet for å få fritak frå plikt til opplæring i 50 timar samfunnskunnskap. I dag er det mange som søkjer og får fritak frå plikt til opplæring i samfunnskunnskap fordi dei er kome på eit nivå der dei skal ha tilstrekkelege kunnskapar i norsk. Dette er uheldig fordi dei då ikkje får den viktige lærdomen frå samfunnskunnskap som ein del av norskopplæringa.

Stor variasjon

I tillegg til endringsforslaga i introduksjonslova har Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet nyleg lyst ut eit evalueringsoppdrag for å få forslag og tilrådingar til korleis programmet kan styrkast og vidareutviklast.

- Ordningane med introduksjonskurs og opplæring i norsk og samfunnskunnskap fungerer i dag, men eg er uroa over den store variasjonen i kor mange som går over til arbeid eller utdanning etter opplæringa. Det er for store variasjonar mellom kommunane, og for store variasjonar mellom kvinner og menn. Desse endringsforslaga vil imøtekome nokre av dei utfordringane vi ser rundt i kommunane, seier statsråd Solveig Horne.

Høyring

Departementet hadde forslaga på offentleg høyring med høyringsfrist 6. februar 2015. Høyringsbrevet og høyringsytringane kan lesast her.