Historisk arkiv

Føreslår å auke mødre- og fedrekvoten til 14 veker

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Regjeringa følgjer opp Stortingets oppmodingsvedtak og føreslår å auke fedrekvota til 14 veker. Samstundes er mødrekvoten føreslått endra til 14 veker. Endringane vil truleg tre i kraft 1. juli 2018.

Stortinget vedtok 11. oktober 2017 å oppmode regjeringa om å auke fedrekvota til 14 veker for å gi barn og fedre tid saman og bidra til likestilling i arbeidslivet. Regjeringa vil følgje opp Stortingets vedtak og foreslår at mødre- og fedrekvoten vert utvida frå 10 til 14 veker.

- Regjeringa ønskte å redusere kvoten for både mor og far då vi tiltredde i 2013. Vi ville ha meir fridom for familiane til å innrette kvardagen slik det passa best for kvar enkelt. No har vi mottatt eit oppmodingsvedtak frå Stortinget om å auke kvoten, som vi vil følgje opp. Det viktigaste for meg er at alle barn får tid saman med foreldra sine, og eg er glad for at vi i Noreg har blant verdas beste foreldrepengeordningar, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne.

Regjeringa tek sikte på at endringane vil tre i kraft frå 1. juli 2018. Dette inneber at endringane gjeld for fødslar og adopsjonar som skjer frå og med 1. juli 2018.