Historisk arkiv

Utgreiing om vald mot barn sendt på høyring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Regjeringa sender i dag NOUen Svikt og svik på høyring. Barnevaldsutvalet overleverte si utgreiing til barne- og likestillingsminister Solveig Horne 22. juni 2017.

- Vold mot barn og ungdom øydelegg mange liv og er eit stort samfunnsproblem. Vi oppretta Barnevaldsutvalet for å få meir kunnskap, slik at vi kan forbetre systema som skal førebyggje og hjelpe, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne (FrP).

- NOUen er eit viktig bidrag i arbeidet mot vald og overgrep, og viser at vi framleis har ein lang veg å gå for å beskytte barn mot vald. Utvalet kjem med 57 tiltak på ulike nivå, der dei mellom anna viser kor viktig det er med kunnskap og kompetanse og samarbeid på tvers av tenester. No ønsker vi tilbakemeldingar på utgreiinga og tiltaka som vert føreslått. 

Barnevaldsutvalet vart sett ned 13. november 2015 og er det fyrste i sitt slag i Noreg. Oppgåva har vore å avdekke om, i kva grad og på kva måte det har skjedd svikt i det offentlege tenesteapparatet si handtering av saker der barn har vorte utsette for alvorleg vald og overgrep.