Historisk arkiv

No er det enklare å søke om foreldrepengar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

120 000 mødre og fedre som årleg søker om foreldrepengar vil no få det mykje enklare. Det nye, heildigitale foreldrepengesystemet gjer at du kan planlegge enklare med ein digital kalender og få svar på sekundet.

Helleland og Hauglie ser på ny foreldrepengeordning
Barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland og arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie ser på når gravide Silje-Anette Kvitvik fyller ut den nye foreldrepengesøknaden.

- Det har vore altfor vanskeleg å søke om foreldrepengar. No skal ein kunne sitte heime i sofaen og fylle ut alt på nett, framfor kompliserte søknadsskjema som det har vore tidligare, seier barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland.

- Det beste med dette systemet er at det er veldig lettvint for dei som søkjer, det reduserer risikoen for feil og det frigjer mange ressursar for NAV, som dei i staden kan bruke på å hjelpe dei som treng det, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie. 

Måndag møtte dei to statsrådane NAV-direktøren og nokre nybakte foreldre for å teste den nye løysinga og markere at det har blitt enklare å søke om foreldrepengar.

800 000 færre skjema

Den nye heildigitale løysinga inneber mellom anna:

  • Søknadsprosessen er heilt automatisert, og du kan søke både frå PC, brett og mobil
  • Automatisk sakshandsaming – svar på sekundet i nokre tilfelle
  • Digital planleggingskalender som gjer at du kan planlegge uttaket heilt nøyaktig
  • Nye nøytrale menyar som gjer at fellesdelen ikkje automatisk hamnar på mor
  • Alt i alt vil den nye ordninga fjerne kring 800 000 skjema i året sidan inntektsskjema og stadfesting av termin vil gå automatisk

- Eg er veldig fornøgd med at ei så viktig søknadsordning har fått ei meir moderne utforming. Ei endring eg er veldig glad for er at fellesdelen no ikkje automatisk ligg på mor – ein detalj som eg håper kan vere med å få fleire menn til å ta ein større del av den betalte foreldrepermisjonen, seier barne- og likestillingsministeren.

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie og barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland møter barn i Bjerkealleen Kanvasbarnehage
Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie og barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland møter barn i Bjerkealléen Kanvasbarnehage.