Historisk arkiv

Regjeringa innfører DNA-tester for å stanse juks med familieinnvandring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Regjeringa foreslår å gi ein heimel til å be om DNA-test ved erklæring av farskap til barn som er fødde i utlandet, når dette er naudsynt. I dag la regjeringa fram ein proposisjon for Stortinget om endringar i barnelova og statsborgerlova. Forslaget styrker utenlandsfødde barn sin rett til vern av identiteten sin – etter menneskerettane.

– Lovendringane vi foreslår er godt i samsvar med Noreg si plikt etter menneskerettane. Barn har rett til vern av sin eigentlege identitet og sitt eventuelle statsborgarskap. Manglande moglegheit for bruk av DNA-test når det er ID-tvil, kan til dømes gi risiko for menneskehandel. Barn sine rettar er viktige for regjeringa, seier barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland.

Statsråden viser også til at forslaget er i samsvar med Noreg si plikt til å arbeide mot at barn vert skild frå foreldra sine.

Styresmaktene kan i dag ikkje be om DNA-test ved erklæring av farskap. Dette kan vere eit problem i land der det ikkje er mogleg å få fødselsattest eller ID-dokument, og i land der slike dokument ikkje er til å stole på.

Dersom det er tvil om identitet ved erklæring av farskap, vil DNA-testing gi styresmaktene ei moglegheit for kontroll der det er naudsynt, seier Linda Hofstad Helleland.

Bakgrunnen for forslaget er mellom anna at utanriksstasjonane har meldt bekymring for at det blir erklært farskap på feil grunnlag for å få norsk statsborgarskap. Dersom mannen er norsk statsborgar, blir barnet automatisk også norsk statsborgar og får rett til pass og varig opphald. Fleire departement har ansvar, og det har vore eit samarbeid om saka.

I forslaget er det understreka at DNA-heimelen berre skal gjelde når det er naudsynt å teste fordi det er tvil om identiteten til barnet eller foreldra, eller det er grunn til å tru at det er gitt opplysningar om farskap som ikkje er riktige for å få  norsk statsborgarskap til barnet.

Forslag til lovendringar har vore på høyring, og fekk brei støtte i høyringsrunda.

Les lovproposisjonen her.