Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2020

Regjeringa satsar på familien

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Regjeringa føreslår å auke barnetrygda med 300 kroner i månaden, og set i gang forsøk med fritidskort. Ordninga med fritidskort vil gje alle barn betre høve til å delta i fritidsaktivitetar, og vil ha mest å seie for barn frå familiar med låg inntekt.

- Vi er stolte av at vi auka barnetrygda for alle barn for første gang på over 20 år i mars, og no føreslår vi å auke den ytterlegare for barn opp til fylte 6 år, seier konstituert barne- og familieminister Olaug Vervik Bollestad (KrF). Dette er eit viktig løft for småbarnsfamiliane.

Regjeringa føreslår at auken i barnetrygda på 300 kroner i månaden  skal innførast 1. september 2020. Til saman blir dette 3 600 kroner i året. Auken vil ha mest å seie for dei med låg inntekt. Auken skal òg komme sosialhjelpsmottakarar til gode. Å styrke økonomien til familiar med låg inntekt er viktig for heile samfunnet.

- Å investere i barna og i familiane er ei investering for framtida, seier barne- og familieministeren. I Granavolden-plattformen heiter det at barnetrygda for barn opp til fylte 6 år skal aukast med totalt 7 200 kr i året. 2020-budsjettet tar oss eit langt skritt i riktig retning for å oppfylle dette.

Fritidskort

Regjeringa føreslår 60 millionar kroner til forsøk med fritidskort. Fritidskortet skal dekkje utgifter til faste, organiserte fritidsaktivitetar for barn i alderen 6 til 18 år. Målet med ordninga er at fleire barn og unge skal delta i fritidsaktivitetar, særleg dei barna som veks opp i familiar med låg inntekt.

- For meg er det viktig at alle barn skal kunne delta på fritidsaktivitetar, uavhengig av økonomien til foreldra, seier barne- og familieministeren. Når ein deltar i fritidsaktivitetar er det lettare å få nye vener og dele fine opplevingar. Det er fint å ha ein stad kor ein kjenner at ein høyrer til, held ho fram.

Samlivskurs

Mange førstegangsforeldre opplever utfordringar i parforholdet i tida etter at dei har fått barn. Derfor føreslår regjeringa 17,4 millionar kroner til tilbod om samlivskurs. Målet er å gjere foreldra tryggare og samtidig styrkje parforholdet.

- Det å bli mamma eller pappa for første gang kan kjennast overveldande for dei fleste, seier Bollestad. Livet blir snudd på hovudet gjennom amming, mangel på nattesøvn og stadig nye spørsmål som dukkar opp. I denne perioden må ein hugse å ta vare på kvarandre, ikkje minst for å gje det nye barnet ein god start i livet.