Historisk arkiv

Regjeringa vil auke kvaliteten på sakkunndigarbeidet i foreldretvistsaker for domstolen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

I mange foreldretvistsaker bruker domstolen sakkunnige til å skrive ein rapport for å opplyse saka. Regjeringa foreslår no lovendringar som skal betre kontrollen med rapportane og gi økt kvalitet på sakkunnigarbeidet.

Det er i dag eit problem at kvaliteten på sakkunnigrapportar varierer for mykje i saker om foreldreansvar, kvar barnet skal bu og samvær. Det kan vere vanskeleg for dommaren åleine å vite kva rapportar som er for svake til å bli brukt som bevis. Dette kan føre til at det blir tatt feil avgjersler, og i verste fall føre til at barn veks opp i uheldige eller skadelege omsorgssituasjonar.

Derfor vil regjeringa følgje opp forslaget til Særdomstolsutvalget om at Barnesakkunnig kommisjon skal kvalitetsvurdere rapportar også i foreldretvistsaker. Kommisjonen vurderer i dag kun rapportar i barnevernssaker.

- Regjeringa foreslår at Barnesakkunnig kommisjon skal kvalitetsvurdere sakkunnigrapportane. På denne måten kan alle partar vere trygge på at rapportane er av god kvalitet, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad.

Dei fleste sakkunnige er utdanna psykologar, men dei kan også ha annan bakgrunn. Rapportane kan ofte bli avgjerande for resultatet i saka. Regjeringa foreslår også å lovfeste fleire rammer for bruken av sakkunnige i foreldretvistsaker. Eit av forslaga er at departementet i forskrift kan setje krav til mandata og rapportane til dei sakkunnige. Formålet er å heve den generelle kvaliteten på sakkunnigarbeidet.

- Vi har nyleg sendt eit liknande forslag på høyring i barnevernssaker. Forslaga vil samla auke kvaliteten i sakkunnigarbeidet i barnesaker. Vi håper dette vil førebygge vald og overgrep mot barn og redusere risikoen for brot på menneskerettane, seier statsråd Ropstad.

Her kan du lese høyringsnotatet.