Historisk arkiv

Føreslår fri utsetjing av foreldrepengar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Regjeringa har i dag lagt fram eit lovforslag om fri utsetjing av foreldrepengar. Dette skal gjere foreldrepengeordninga enklare og meir tilpassa behova til familiane.

– Alle familiar er ulike, og eg er opptatt av å gi familiane høve til å ta dei vala som passar dei enkelte best. No vil vi gjere foreldrepengeordninga endå meir fleksibel så foreldra fritt kan utsetje foreldrepengar slik dei ønskjer, fram til barnet er tre år, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Regjeringa føreslår at foreldre no kan utsetje foreldrepengane, uavhengig av kva dei gjer under utsetjinga. Dei kan for eksempel jobbe deltid eller studere. Det er ikkje mogeleg med dagens regelverk.

– No opplever ein del foreldre at fleksibiliteten ikkje er god nok. Reglane i dag kan oppfattast som rigide og ikkje tilpassa behova til familien. Det føreslår vi no å endre, seier Ropstad.

Forslaget frå regjeringa inneber òg endringar for kva tid fedrar må søkje foreldrepengar frå NAV.

­– Fleire fedrar har mista retten til foreldrepengar fordi dei ikkje har søkt i tide. Med mitt forslag kan vi forhindre fleire slike saker. Ordninga blir enklare for foreldra å forstå og enklare for NAV å forvalte, seier Ropstad.

Endringa betyr at NAV kan leggje til rette for meir sjølvbetening og automatisering av saksbehandlinga.

Les lovforslaget her.