Historisk arkiv

Forsvarsbudsjettet 2022:

– Ein reell balanse mellom oppgåver og økonomi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Forsvarsdepartementet

Regjeringa fortset satsinga på Forsvaret og vil auke forsvarsbudsjettet for 2022 med om lag 4,3 milliardar kroner. Budsjettforslaget følgjer opp satsingane og dei økonomiske forpliktingane i denne og tidlegare langtidsplanar.

– Med dette budsjettet prioriterer regjeringa beredskap, trygging og tryggleik for befolkninga. For sjette år på rad foreslår regjeringa ein betydeleg løyvingsauke. Dette vil bidra til ytterlegare å betre beredskapen og Forsvaret si operative evne, som er avgjerande for å møte den skjerpa tryggingspolitiske situasjonen, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

Forsvarsbudsjettet for 2022 vil med dette vere på om lag 69 milliardar kroner. Det inneber ein auke på 6,6 prosent samanlikna med saldert budsjett for 2021. Korrigert for pris- og lønskompensasjon og tekniske endringar er foreslått budsjett auka med om lag 3,6 prosent.

Illustrasjon: Forsvarsbudsjettet 2022
Illustrasjon: Forsvarsbudsjettet 2022 Foto: Forsvaret

– I tillegg til dei auka løyvingane, bidrar forsvarssektoren sjølv gjennom sitt arbeid med betring og effektivisering. Dette legg grunnlaget for ei langsiktig og berekraftig utvikling av forsvarsstrukturen med reell balanse mellom oppgåver, struktur og økonomi, seier forsvarsministeren.

Regjeringa prioriterer drift av strukturelementa i forsvarsgreinene, følgjer opp bemanningsauken i Forsvaret, fortset moderniseringa av Etterretningstenesta og fortset dei betydelege investeringane i nytt materiell og infrastruktur. Investeringane til nytt materiell og infrastruktur vil auke med til saman om lag 1,5 milliardar kroner.

– Regjeringa vil styrke drifta av dei nye kampflya, dei nye maritime patruljeflya og dei maritime helikoptera med om lag 235 millionar kroner og finansiere innfasinga av nye kampfly med baseløysing med over 7 milliardar kroner. Vi vil og fortsetje moderniseringa og utviklinga av Etterretningstenesta sin kapasitet med ein auke på nærare 140 millionar kroner, seier forsvarsministeren.

Det høge aktivitetsnivået i Forsvaret er og planlagt vidareført. Norske avdelingar skal trene og øve med allierte styrkar i Noreg, og NATO-øvinga Cold Response 2022 blir prioritert. Regjeringa foreslår samstundes å vidareføra norske bidrag gjennom FN, NATO og andre koalisjonar på om lag same nivå som i 2021. Det samla nivået til Noreg sin innsats i internasjonale operasjonar er vidareført på om lag 1 milliard kroner.