Historisk arkiv

Nye forskrifter om sikkerheit på høyring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Forsvarsdepartementet

Forskriftene til ny sikkerheitslov er sendt på open høyring med frist 1. oktober.

– Den teknologiske utviklinga gjer oss sårbare for nye trugslar.  Langt fleire funksjonar i samfunnet er i dag avhengig av IKT for å fungere. Vi ser at mykje av etterretningsaktiviteten mot Norge og norske interesser skjer i det digitale rom. Og sist, men ikkje minst, gjer økt globalisering oss meir avhengig av kompetanse frå andre land, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

Sikkerheitslova blei vedtatt av Stortinget 6. mars 2018. Departementet foreslår tre forskrifter til den nye sikkerheitsloven:

  • Forskrift om roller og ansvar for nasjonal sikkerhet hos myndigheitene
  • Forskrift om arbeid med førebyggande sikkerhet hos verksemdene
  • Forskrift om klarering av leverandører og personell

Forskriftene som er foreslått er ikkje reviderte versjonar av dei eksisterande forskriftene, men heilt nye forskrifter som skal vere tilpassa samfunnsutviklinga og endringane i trugslar og sårbarheiter dei siste åra.

Forskriftene legg opp til funksjonelle krav til sikring. Det vil seie at regelverket skal regulere kva du skal oppnå og ikkje kva for konkrete tiltak som skal gjennomførast. Nytt regelverk stiller krav om at verksemda skal ha eit forsvarleg sikkerheitsnivå, og at kostnadene ved sikkerheitstiltak skal stå i eit rimeleg forhold til det verksemda kan oppnå ved tiltaket.