Historisk arkiv

Investeringsproposisjonen:

Nye støttekøyretøy til Hæren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Forsvarsdepartementet

Når Hæren vert mekanisert, treng han køyretøy til støtte for stridsvogner. Regjeringa vil difor skaffa køyretøy som kan leggje bruer og som kan rydde veg gjennom hindringar. Dersom Stortinget gjer si tilslutning, vert det investert om lag 1,45 milliardar kroner i støttekøyretøy.

Regjeringa føreslår å skaffa seks bruleggingspanservogner og seks ingeniørpanservogner. Begge køyretøya er svært viktige for å trygge gjennomføringa av operasjonar.

– I ein mekanisert struktur er vi heilt avhengige av ei rekkje støttekøyretøy. Vi må ha køyretøy som kan berge havarerte stridsvogner, vi må ha nokon som kan byggja eller forsterka ei bru og vi må ha nokon som kan rydde veg sånn at stridsvognene kan komma seg fram. Bergingskøyretøy er allereie under anskaffing, og om Stortinget gjer si tilslutning, vil vi ha nye bruleggingskøyretøy og  ingeniørpanservogner i perioden 2021 til 2023, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.