Historisk arkiv

Forskrift om årsregnskap for skadeforsikringsselskaper og livsforsikringsselskaper

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Finansdepartementet har fastsatt forskrift om årsregnskap for skadeforsikringsselskaper og forskrift om årsregnskap for livsforsikringsselskaper.

Forskriftene trer i kraft 1. januar 2016, med verknad for rekneskapsår som begynnar 1. januar 2016 og seinare.

Forskriftene erstattar gjeldande årsrekneskapsforskrift for forsikringsselskap. Endringane følgjer opp to ulike høyringar om endringar i denne, høvesvis høyring om Lettere tilgjengelig regnskapsregler for forsikringsselskaper og høyring om Endring i regnskapsregler som følge av Solvens II. Endringane har som formål å gjere regelverket lettare tilgjengeleg for brukarane av forskrifta, samtidig som forskriftene er tilpassa nye soliditetskrav (Solvens II) som trer i kraft 1. januar 2016. Gjeldande verdsetjingsprinsipp for erstatningsavsetninga blir vidareført i forskrift om årsregnskap for skadeforsikringsselskaper.

Finansdepartementet vil etter nyttår gjere justeringar i dei fastsette forskriftene for å tilpasse bruken av omgrep til ny finansføretakslov.

Les forskriftene her: