Historisk arkiv

Ny forskrift ved uttreden frå Bankenes sikringsfond

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Finansdepartementet har i dag fastsett ei ny forskrift ved uttreden frå Bankenes sikringsfond. Regelen inneber at bankar ikkje lenger må rekneskapsføre heile sikringsfondsavgifta i fyste kvartal, og trer i kraft 1. januar 2017.

Til no har bankar som var medlem av sikringsfondet 1. januar, vore plikta til å betale sikringsfondsavgift for heile året. Det har ikkje vore generell tilgang til å få avgifta avkorta ved uttreden frå sikringsfondet.

Etter innføringa av ein ny rekneskapsstandard i 2015 gjorde dette at bankane, som tidlegare har hatt som praksis å periodisere sikringsfondsavgifta gjennom året i sine rekneskap, vart pliktige til å rekneskapsføre heile avgifta i fyste kvartal.

Fastsettinga av ein regel som gir rett til frådrag ved utmelding frå sikringsfondet, gjer at bankane no kan halde fram med sin tidlegare praksis, og er i tråd med ynskje frå bransjen. Forskrifta er basera på utkast frå Finanstilsynet.

Les forskrifta her