Historisk arkiv

Statsrekneskapen for 2015

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2015 vart 185,3 milliardar kroner. Kapitalen i Statens pensjonsfond auka i 2015 med 1043 milliardar kroner. Det syner statsrekneskapen som vart lagt fram i dag.

Statsrekneskapen syner at det oljekorrigerte underskotet vart knapt 0,8 milliardar kroner mindre enn lagt til grunn i nysaldert budsjett som vart vedteke i desember 2015, sjå tabellane 2 og 4. Inntektene vart 2,7 milliardar kroner høgare, medan utgiftene vart 2,0 milliardar kroner høgare enn i nysaldert budsjett.

Det oljekorrigerte underskotet vart 11,1 milliardar kroner større enn i det salderte budsjettet som vart vedteke hausten 2014. Utgiftene vart 1,7 milliardar kroner høgare. På inntektssida vart skatte- og avgiftsinntektene 29,4 milliardar kroner lågare, medan andre inntekter vart 20,0 milliardar kroner høgare. Avviket mellom budsjettet og rekneskapen for 2015 skil seg ikkje frå det som har vore normale avvik. Frå rekneskapen 2014 auka det oljekorrigerte uderskotet med 25,3 mrd. kroner.

Målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet er bruken av petroleumsinntekter i 2015 no rekna til 167,2 milliardar kroner eller 2,6 prosent av Statens pensjonsfond utland (SPU) per 31.12.2014.

Ved utgangen av 2015 er bokført verdi av Statens pensjonsfond utland i kapitalrekneskapen 7 461 milliardar kroner, medan verdien av Statens pensjonsfond Noreg (SPN) er 198 milliardar kroner. Det meste av auken i kapitalen i Statens pensjonsfond i 2015 er knytt til Statens pensjonsfond utland (SPU).

 

Tabell 1 Nøkkeltall 2015-budsjettet (mrd. kroner) 

Saldert

Nysaldert

Rekneskap

A) Oljekorrigert underskot

174,2

186,1

185,3

B) Strukturelt, oljekorrigert underskot

163,7

168,4

167,2

C) Forventa realavkasting (4 prosent)

221,8

257,2

257,2

D) Avstand til 4-proentbanen (B-C)

-58,1

-88,9

-90,0

E) Strukturelt underskot i pst. av fondskapitalen

3,0

2,6

2,6

F) Reell underliggjande utgiftsvekst (prosent)

2,5

2,7

2,8

G) Overskot på statsbudsjettet utan lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,8

H) Overskot i Statens pensjonsfond

308,0

235,5

224,2

I) Overskot på statsbudsjettet og i Statens pensjonsfond

308,0

235,5

225,0

 

Tabell 2 Endring i det oljekorrigerte underskotet 2015 (mrd. kroner) 

Frå førre rekne-skap

Frå saldert
til rekne-skap

Frå nysaldert
til rekne-skap

Auke i det oljekorrigerte underskotet

25,3 

11,1

-0,8

Netto inntektsendringar

48,5 

-9,4

2,7

Av dette:

Skattar og avgifter

24,4

-29,4

-1,0

Inntekter utanom renter frå forvaltningsbedriftene

0,3

0,6

0,4

Renteinntekt og utbyte utan Statoil

5,1

1,8

0,0

Overføring frå Noregs Bank

10,4

7,4

0,0

Tilbakeføring av driftskredittramma, helseføretak

6,5

4,1

0,0

Valutainntekter eksportkredittordninga

1,0

1,3

1,3

Meirinntekter som heimlar meirutgifter

-0,6

1,3

1,3

Ymse inntekter (m.a. auksjonsvederlag for frekvensressursar)

1,0

1,2

0,9

Andre inntekter under departementa

0,3

2,3

-0,2

Netto utgiftsendringar

73,8

1,7

2,0

Av dette:

Folketrygda, inkludert dagpengar

30,5

1,8

-0,2

Renteutgifter, statsgjeld

0,1

-1,6

0,1

Utgifter heimla i meirinntekter

-0,6

1,3

1,3

Andre utgiftsendringar (netto)

43,7

0,3

0,8

 

Tabell 3 Statens pensjonsfond 2015 (mrd. kroner)

Statens
pensjonsfond
utland

Statens
pensjonsfond
Noreg

Samla

Netto kontantstraum

218,3

-

218,3

- Overført statsbudsjettet

186,1

-

186,1

+ Renter og utbyte

185,0

7,0

192,0

= Overskot

217,2

7,0

224,2

Kapital per 31.12.2014

6 430,6

185,7

6 616,3

+ Overskot

217,2

7,0

224,2

+ Valutakursregulering

668,1

-

668,1

+ Realiserte/urealiserte vinstar/tap

144,8

5,8

150,6

= Kapital per 31.12.2015

7 460,8

198,4

7 659,2

Endra verdi

1 030,2

12,8

1 043,0

 

Tabell 4 Rekneskap, saldert og nysaldert budsjett

(mill. kroner)

Rekneskap
2014

 

Saldert budsjett
2015

Nysaldert budsjett
2015

Rekneskap 2015

 

1.

Statsbudsjettet

       

A

Inntekter i alt

1 278 757

1 331 514

1 235 164

1 227 409

A.1

Inntekter frå petroleumsverksemda

347 039

341 955

257 682

247 212

A.2

Inntekter utanom petroleumsverksemda

931 719

989 559

977 482

980 197

B

Utgifter i alt

1 127 099

1 201 784

1 192 545

1 194 464

B.1

Utgifter til petroleumsverksemda

35 372

38 000

29 000

28 955

B.2

Utgifter utanom petroleumsverksemda

1 091 727

1 163 784

1 163 545

1 165 509

 

Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet (A.2-B.2)

-160 008

-174 225

-186 063

-185 312

+

Overført frå Statens pensjonsfond utland

156 164

174 225

186 063

186 063

=

Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar

-3 844

0

0

751

2.

Statens pensjonsfond

       
 

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland

311 667

303 955

228 682

218 256

-

Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet

156 164

174 225

186 063

186 063

+

Renteinntekter og utbyte i fondet

160 084

178 300

192 900

192 008

=

Overskot i Statens pensjonsfond

315 586

308 030

235 519

224 201

3.

Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond

       
 

Samla overskot

311 743

308 030

235 519

224 953

 

Les meir i Meld. St. 3 (2015-2016)