Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2022:

Endringar i ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Regjeringa foreslår endringar i ordninga for differensiert arbeidsgivaravgift som skal gjelde frå 2022. Behova for støtte har endra seg noko, og det er blant anna behov for å tilpasse reglane til auka bruk av heimekontor. Ordninga må bli notifisert og godkjend av ESA innan utløpet av 2021.

– Ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift er eit av dei viktigaste distriktspolitiske verkemidla i Noreg, og regjeringa ønsker å føre vidare hovudtrekka i dagens ordning, seier finansminister Jan Tore Sanner (H).

I ordninga som skal gjelde frå 2022, foreslår regjeringa mindre justeringar i satsane for arbeidsgivaravgift i nokre kommunar. 6 kommunar får auka avgift, medan 5 kommunar får lågare avgift.

Regjeringa foreslår at det framleis skal vere fleire satsar for arbeidsgivaravgift innanfor enkelte samanslåtte kommunar. Soneinndelinga i desse kommunane skal følge grunnkrinsane.

– For å gjere ordninga meir treffsikker, og tilpasse reglane til auka bruk av heimekontor, er det òg behov for å justere særreglane om avgiftssats for arbeid som blir utført i andre soner enn der arbeidsgivaren er registrert, såkalla ambulerande verksemd som bygg- og anleggsverksemd, transportverksemd og fjernarbeid, seier finansministeren.

Forslaget inneber at særreglane blir utvida slik at dei omfattar alle tilfelle der meir enn 50 prosent av arbeidet blir utført utanfor registreringssona. Ved heimekontor og anna fjernarbeid, og ved stadbunden arbeid i fleire andre soner, skal arbeidsgivaren bruke satsen der den tilsette bur.

For å følge EØS-reglane er det òg nødvendig å endre sektoravgrensinga for føretak som leverer finansielle tenester, hovudkontortenester mv. Arbeidsgivarar med dette som hovudaktivitet, kan ikkje bruke redusert sats for nokon del av verksemda.

Ordninga er enno ikkje godkjend av ESA, og det kan derfor bli nødvendig med justeringar av forslaget.

Les meir i Prop. 1 LS (2021–2022) Skatter, avgifter og toll 2022, punkt 7.3.