Historisk arkiv

Forslag til nytt formuesskattesystem for hytter blir sendt på høyring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Regjeringa har i dag sendt på høyring eit forslag til nytt verdsetjingssystem for fritidsbustader i formuesskatten. Forslaget følgjer opp vedtak frå eit breitt stortingsfleirtal.

Dagens reglar for å fastsetje verdien av fritidsbustader i formuesskatten er utdaterte og lite treffsikre. Verdiane byggjer på historiske byggjekostnader, som seinare er oppjusterte med ein felles prosentsats for heile landet med ujamne mellomrom.

– I Noreg eig svært mange eiga hytte. Mange fritidseigedomar går i arv. Det har ein stor eigenverdi at hyttemarknaden er tilgjengeleg for mange, og ikkje berre dei med høge inntekter. Det er difor viktig at skattlegginga blir halden på eit moderat nivå. Det ligg til grunn for systemomlegginga som blir foreslått i denne høyringa. Målet er å redusere vilkårlege utslag og behandle like hytter meir likt enn i dag, seier finansminister Jan Tore Sanner (H).

Forslaget inneber at formuesverdiane av fritidsbustadene blir rekna ut årleg med ein sjablongmodell. Sjablongmodellen byggjer på dei same prinsippa som dagens modell for vanlege bustader, men nyttar meir avansert teknologi i form av maskinlæring. Det gjer at modellen betre fangar opp kva eigenskapar ved fritidsbustadene som påverkar verdien. Om sjablongmodellen gjev for høg verdi, kan skattytaren krevje at verdien blir sett ned.

– Bruk av maskinlæring byggjer opp under regjeringas nasjonale strategi for kunstig intelligens. Om denne teknologien blir brukt på ein klok måte, har han stort potensial for enkeltmenneske, næringslivet og offentleg sektor, seier finansministeren.

Forslaget følgjer opp eit oppmodingsvedtak frå Stortinget i samband med forliket om skattereform, der regjeringa vart beden om «å gjennomgå og forbedre systemet for verdivurdering av fritidseiendom». Eit breitt stortingsfleirtal stod bak vedtaket.

Departementet ønskjer høyringsinstansane sine vurderingar av det nye systemet. Nivået på formuesskatten på fritidseigedom eller innrettinga av formuesskatten generelt er ikkje tema for høyringa. Departementet sitt utgangspunkt er likevel ei om lag provenynøytral omlegging. Eventuelle tilpassingar i formuesskatten må elles vurderast før eit forslag blir lagt fram for Stortinget. 

Høyringsfristen er 7. januar 2022. Departementet vil ta endeleg stilling til forslaget etter høyring, men tek sikte på at eit nytt system kan innførast frå 2024.