Historisk arkiv

Koronasituasjonen: Pressekonferanse onsdag 17. mars

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Invitasjon til pressekonferanse onsdag 17. mars kl. 14.00 med helse- og omsorgsminister Bent Høie. Helsedirektør Bjørn Guldvog og direktør i Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg vil også vere til stades.

Nett-tv Pressekonferanse om koronasituasjonen

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Pressekonferansen vert overført direkte på regjeringen.no.

Stad: Marmorsalen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 18. 

Oppmøtetid: Onsdag 17. mars kl. 13.45. Ta med gyldig pressekort og ID.  

Presse som ikkje har høve til å møte, eller som ikkje ønsker å komme på grunn av smittefare, kan sende spørsmål til info@hod.dep.no. Skriv "PK korona" i emnefeltet. Spørsmåla må vere sende innan 14.15. Avsendaradressa må vere registrert hos eit mediehus, eller ein må oppgi frilansoppdrag. Vi kan dessverre ikkje garantere at alle spørsmåla blir stilte i pressekonferansen. 

Pressekontaktar:

For helse- og omsorgsministeren: Kommunikasjonsrådgivar Nina Husom, 913 95 608

Om sendinga

Pressekonferansen vert filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringen.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressekonferansen direkte. Kontaktperson for dette kan ein nå på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no

Presse som ynskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgande embed-kode:

<div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/wb4ddwkl/wowza.js' type='text/javascript'></script>

Tiltak for å hindre spreiing

Fleire omfattande tiltak er innførte for å hindre spreiing av koronaviruset i befolkninga. Departementa har også innført eigne tiltak for å hindre spreiing blant besøkande og tilsette. Derfor ber vi redaksjonane avgrense oppmøte av journalistar og fotografar til eit minimum. Viss oppmøtet er større enn den reduserte kapasiteten til lokalet, kan pressa bli beden om å følge pressekonferansen digitalt.

Folkehelseinstituttet si nettside har meir informasjon om smittevern