Historisk arkiv

Koronasituasjonen: Pressekonferanse med justisministeren og helseministeren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

Invitasjon til pressekonferanse onsdag 20. mai kl. 1600 med justis- og beredskapsminister Monica Mæland og helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Nett-tv Koronasituasjonen: Pressekonferanse med justisministeren og helseministeren

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Som ein del av arbeidet med sikkerheten rundt Smittestopp-appen frå Folkehelseinstituttet, nedsette Helse- og omsorgsdepartementet 4. april ei uavhengig ekspertgruppe. Ekspertgruppa leverer i dag sin rapport, og gruppas leiar Jeanine Lilleng vil legge fram hovedkonklusjonane på pressekonferansen.

Folkehelseinstituttet, ved fungerande assisterande direktør Gun Peggy Knudsen, og Helsedirektoratet vil også vere til stades.

Pressekonferansen overførast direkte på regjeringa.no.

Stad: Marmorsalen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 18.

Oppmøtetid: Kl. 1545. Ta med gyldig pressekort og ID.

Presse som ikkje har anledning til å møte opp kan sende inn spørsmål til JDinfo@jd.dep.no med teksten PK 2005 i emnefeltet.

Spørsmål må vere oss i hende seinast kl 1615. Avsenderadressa må være registrert hos eit mediehus eller det må oppgis frilansoppdrag. Vi kan dessverre ikkje garantere at alle spørsmål blir stilte i pressekonferansen.

Pressekontakter

For justis- og beredskapsministeren: Kommunikasjonssjef Trude Larstad,
936 67 742.

For helse- og omsorgsministeren: Kommunikasjonsdirektør Mona Sæverud Higraff, 920 57 650.

Om sendinga

Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS). Du kan følgje den direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastas ned i etterkant. DSS distribuerer som vanlig publiseringspunkt til medier som vil sende pressekonferansen direkte. Kontaktperson for dette nås på telefon 22248845 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgande embedkode: <div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/xbpcnkps/wowza.js' type='text/javascript'></script>

Tiltak for å hindre spreiing

Departementa og SMK har innført eigne tiltak for å hindre smittespreiing. Det kan derfor ved stor pågang vere aktuelt å be presse følgje pressekonferansen digitalt.

Sjå Folkehelseinstituttet sine nettsider for meir informasjon om smittevern.