Historisk arkiv

Tillet sykling til skolen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

No blir det foreldra som avgjer om elevane får sykla til skolen eller ikkje.

- Det er foreldra som kjenner barnet best, og dei kjenner skolevegen til barnet. Difor er det ei fornuftig regelendring vi no har gjort, seier statssekretær Birgitte Jordahl.

Ein forskriftsregel til opplæringslova har fram til no gitt skolar lov til å ha ordensreglar som forbyr sykkel på skolevegen. Dei skolane som har slike regelverk, må no endra desse. Dei vil framleis kunna ha tilrådingar for bruk av sykkel.

­-Det gode samarbeidet som er mellom foreldre og skole skal sjølvsagt oppretthaldast, understrekar statssekretæren.

-Skolane kan til dømes tilrå tryggleiksutstyr, alder for sykling eller at elevene skal ta «sykkelknappen». Desse tilrådingane bør lagast i samarbeid med foreldreutval ved skolane, utdjupar ho.  

Skolane må også sørga for at elevane har trygg sykkelparkering på skolen sitt område. Kommunen skal framleis ha ulykkesforsikring som dekker skolevegen.

Regelendringa har fått mange positive reaksjonar i forkant.

-Dette vil gi fleire barn sjansen til å få rørt meir på seg i kvardagen, noko som er bra for helsa til elevane avsluttar Jordahl.