Historisk arkiv

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø deltek på fadderveka ved NHH

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) vitjar onsdag 14. august Norges Handelshøgskole (NHH) i Bergen.

Fadderveka skaper eit viktig grunnlag for å få venner og bli inkludert sosialt, og Nybø meiner det er viktig med aktivitetar som også introduserer studentane for den faglege delen av studiestarten. Ho understrekar også at det er viktig at det ikkje berre er fest og fyll som dominerer når ein skal inkludere nye studentar. Dei siste åra har det vore mykje fokus på at fadderveka har blitt dominert av alkohol og at mange studentar har hatt utrivelege opplevingar. Fleire utdanningsinstitusjonar har no teke grep. Ved NHH i Bergen er det blant anna inngått eit samarbeid om felles køyrereglar for fadderveka. Statsråd Nybø får no delteke på nokre av aktivitetane og møter  nye studentar.

Program onsdag 14. august:

13:00 Ankomst NHH,  Helleveien 30, Bergen
13:05 – 13:25 Dialog Øystein Thøgersen, prorektorane Linda Nøstbakken og Therese E. Sverdrup samt Kasper Lie Asdal, leier for NHH si (studentforeininga) i samtale med Nybø.
13:30 – 13:55 Arbeid med case NHH introdusere case-metoden for dei nye studentane og gir dei innblikk i korleis det er å diskutere fag. Malin Arve og fire andre NHH-forskarar er til stades for å hjelpe studentane og evt. svare på spørsmål frå Nybø.
14:00 – 14:30 Sosialt opplegg med studentene «Kjellarleikene» er eit slags rebusløp der fleire av interessegruppene i studentforeininga organiserer leikar og konkurransar, slik at dei nye studentane kan bli kjende med gruppene og kvarandre i ei sosial og underhaldande setjing – utan alkohol. 

Nybø vil etter besøket på NHH ha fleire møter med studentorganisasjonar, mellom anna saman med byråd for sosial, bustad og inkludering Erlend Horn (V).

Kontakt:
Dersom pressa ønskjer å delta, kan dei ta kontakt med rådgjevar Dino Prohic på telefon  92225224, eller dpr@kd.dep.no for nærare avtale.