Historisk arkiv

Vil vidareutvikle ordninga med partnarskap mellom lærarutdanningar, barnehagar og skular

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Ordninga med utdanningsbarnehagar og utdanningsskular fungerer godt. Men for å sikre at alle som deltek har like gode arbeidsvilkår og føresetnadar, trengs føreseieleg finansiering, meiner Fagleg Råd for Lærarutdanninga.

- Dei siste ti åra har fleire lærarutdanningar inngått avtalar med barnehagar og skular for å samarbeide om praksis for studentane, forsking og undervisning. Men fordi ordninga framleis er ganske ny, treng vi meir kunnskap om korleis desse partnarskapa fungerar og korleis dei best kan bli organiserte i framtida, seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Aase Marthe J. Horrigmo.

Ho får støtte av statssekretærkollega Anja Johansen.

- Langsiktig samarbeid mellom lærerutdanningane og skular og barnehagar er kanskje det aller viktigaste for å gje barn og unge ein god start. Det er gledeleg at partnerskapa bidreg godt til dette, seier Johansen.

Parntarskap fungerer godt

Våren 2019 ga Kunnskapsdepartementet Fagelig Råd for Lærarutdanning i oppdrag å greie ut og utvikle nasjonale rammer for partnarskap mellom lærarutdanningane, barnehagar og skular. No har rådet levert tilrådingane sine til departementet.

I to rapporter har rådet samla informasjon om korleis dei ulike partnarskapa er organiserte og regulerte, gått gjennom tilgjengeleg forsking og hatt dialogmøte med utdanningane, og eigarar og leiarar i barnehagar og skular.

Basert på dette kunnskapsgrunnlaget konkluderer rådet med at sjølv om slike partnarskap har vist seg å fungere godt, er det store variasjonar i korleis dei er utforma og organiserte rundt om i landet. Dei meiner det er avgjerande at partnarskapa blir organiserte og innretta på ein måte som sikrar nytekning, og at barn, unge og studanter får eit jamgodt tilbod av høg kvalitet i barnehage, skule og lærarutdanning.

Tilrådingane frå rådet:

  • Det er ikkje behov for å etablere eigne forskrifter om partnarskap, men overordna og generelle forventningar om partnarskap bør gjerast tydelege i eksisterande rettslege dokument for lærarutdanning og barnehage- og skuleeigarar. Likeverdig ansvar og behov for lokalt handlingsrom bør også bli meir tydeleg her.
  • Rapporten viser at midlar frå departementet til å etablere partnarskap har fungert godt. Det er behov for føreseieleg finansiering av partnarskapa, for å sikre jamgod deltaking og realistiske arbeidsvilkår for alle involverte. Også kortsiktig finansiering kan ha god effekt, for å fremje innovasjon og nye initiativ.
  • I tillegg trengs det målretta verkemiddel spesifikt mot FoU-aktiviteten i partnarskapa.
  • Partnarskap bør fremje og vidareutvikla gjennom å etablere arenaer for kunnskaps- og erfaringsoppsummeringar, felles kunnskapsutvikling og støtte- og rettleiingssmateriell med utgangspunkt i Kunnskapsgrunnlaget og denne rapporten.

- Denne rapporten gir oss viktig og god informasjon om korleis partaerskapa fungerer rundt omkring i landet. Eg vil følgje opp dette arbeidet i Nasjonalt forum for lærarutdanning og profesjonsutvikling der alle partane i sektoren også er representerte, seier Horrigmo.