Historisk arkiv

Forslag frå regjeringa:

Alle elevar på Vg3 studieførebuande og påbygg gjennomfører ein lokalt gjeven eksamen denne våren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

I år er alle ordinære skriftlege eleveksamenar avlyste grunna smittevern, og fordi det har vore ulike forhold for opplæringa ved skulane i landet. – For å sikre likebehandling foreslår vi at alle elevar på Vg3 studieførebuande og påbygg skal ha ein munnleg eller munnleg-praktisk eksamen. Det seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Vanlegvis blir om lag 60 000 elever på 10. trinn i ungdomsskolen og 187 000 elever i vidaregåande opplæring omfatta av eksamen. I tillegg kjem alle lærarane som er involverte, og alle dei andre aktørane i et omfattande nasjonalt system. I vidaregåande er ca. 50 000 av desse avgangselevar.  

På Vg3 studieførebuande og påbygg kjem vanlegvis ikkje alle opp til munnleg eksamen, fordi dei i staden kjem opp i andre typar lokalt gjevne eksamenar, som munnleg-praktisk eller praktisk eksamen.  

Pandemien påverkar eksamen

Eksamen er ein viktig del av vurderingssystemet i skulen. Det at alle får ein lokalt gjeven eksamen sikrar også at dei får ei vurdering utanfrå frå ekstern sensor.  

– Eg er klar over at dette vil påverke det eksamenstrekket som no er gjennomført, og at det vil føre til at skuleeigarane og lærarane må justere planen for eksamensgjennomføringa, seier Melby. 

Statsråden legg til at som under heile pandemien må regjeringa ta val dei veit ikkje er perfekte.

– Samstundes meiner eg argumentet om å behandle alle avgangselevane likt, og at dei får ei ekstern evaluering i tillegg til standpunktkarakteren, vee tyngre enn andre argument, seier ho.  

Høyringsrunde

Ein kort høyringsrunde om forslaget har frist til i dag. Etter at høyringa er ferdig, vil kunnskapsministeren raskt ta stilling til kva endringar som skal fastsetjast slik at både lærarane og elevane får tid til å førebu seg. 

Det er kommunane og fylkeskommunane som har ansvaret for gjennomføring og organisering av lokalt gjeven eksamen. På 10. trinn skal alle elevane som normalt gjennomføre ein munnleg eksamen i år.

– Det er fylkeskommunane som må vurdere kva tilpassingar som er naudsynte for å kunne realisere ambisjonen om at alle elevar på Vg3 studieførebuande og påbygg får gjennomført ein lokalt gjeven eksamen denne våren, avsluttar Melby. 

Lenke til høyringa: https://hoering.udir.no/Hoering/v2/1722