Historisk arkiv

Endringar i reglane for når barn av foreldre med kritisk samfunnsfunksjon kan få tilbod i barnehage og skule

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Barn av foreldre med kritisk samfunnsfunksjon skal ha eit tilbod sjølv om barnehagen eller skulen er stengd eller har reduserte opningstider. Tilbakemeldingar frå skulane og barnehagane tyder på at fleire enn dei som har eit reelt behov får tilbod, og at det fører til utfordringar med kapasiteten. No blir reglane presiserte og tydeleggjorde.

Det kan verte problem med kapasiteten i barnehagane og skulane viss for mange som ikkje har reelt behov tek opp plassane når lokala er stengde eller verksemdene har reduserte opningstidene på grunn av smittevern. Det går ut over dei barna som er avhengige av eit tilbod.

Endringane inneber at barn av foreldre med kritisk samfunnsfunksjon berre har rett til eit stadleg tilbod i skulen eller barnhagen dersom, og i det omfanget, det er naudsynt for at forelderen skal ivareta den kritiske samfunnsfunksjonen.

Forelderen som har ein kritisk samfunnsfunksjon må bu saman med barnet, eller minimum ha ei samværsordning, for at barnet skal ha rett til eit stadleg tilbod. Tilbodet kan dessutan verte redusert viss berre den eine forelderen har kritisk samfunnsfunksjon.

Tilboda skal ikkje reduserast dersom det fører til at forelderen i kritisk samfunnsfunksjon må vere heime og ikkje får ivareteke den kritiske samfunnsfunksjonen. 

Utdanningsdirektoratet har publisert ei rettleiing til kommunane som kan brukast til å avgjere kven som skal ha tilbod og kor stort omfanget skal vere.