Historisk arkiv

Regjeringa opprettar nytt bransjeprogram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa held fram satsinga på kompetansereforma og vil ha eit nytt bransjeprogram. No kan partane i arbeidslivet nominere bransjar som dei meiner treng eit program for kompetanseutvikling.

– Vi har meir ein dobla talet på bransjeprogram gjennom Utdanningsløftet 2020 og Kompetansereforma. Vi samarbeider med partane i arbeidslivet om å lage kortvarige og fleksible kurs som kan skreddarsyast og takast i kombinasjon med jobb. Dette er populære tilbod som skal gi eit kompetanseløft for tilsette, permitterte og ledige i utvalde bransjar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Programma er eit spleiselag der staten betaler for at det blir utvikla og drive relevante tilbod i vidaregåande opplæring, fagskular, høgskular, universitet eller andre typar kompetanseutvikling. Bedriftene og den einskilde tilsette investerer si eiga tid.

Fristen for nominasjonar til det nye bransjeprogrammet er 1. november 2021.

Det er til no etablert ti bransjeprogram i følgande bransjar:

  • Reiselivsnæringa
  • Frisørnæringa
  • Detalj- og faghandelen
  • Industri- og byggenæringa
  • Anleggsbransjen
  • Mat- og drikkevareindustrien
  • Elektro-, automasjons-, fornybar- og kraftnæringa
  • Kommunal helse- og omsorgssektor
  • Olje-, gass- og leverandørindustrien
  • Maritim sektor

I tillegg blei det i 2020 sett i gang eit kompetanseløft for utsette industriklynger, og i haust kjem det òg ei eiga satsing på 10 millionar kroner til kompetanseløft for luftfarten.