Historisk arkiv

Kunnskapsministeren legg fram strategi for kvalitet og samarbeid i lærarutdanninga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Tysdag 6. juni legg kunnskapsministeren fram ein nasjonal strategi for lærarutdanningane. Den skal forsterke og føre vidare vedtatt politikk.

Strategien handlar om korleis det er ønskeleg at lærarutdanningane utviklar seg på sikt. Overordna langsiktige mål for det vidare arbeidet med lærarutdanningane blir fastsatt. 

Relevante organisasjonar har vore involvert i utviklinga av strategien, og vil vere til stades saman med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og statssekretær Bjørn Haugstad under lanseringa. Målet med strategien er attraktive lærarutdanningar med høg kvalitet. 

Stad: Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA), Pilestredet 46, 0167 OSLO

Tid: Tysdag 6. juni klokka 11.30 - 12.30.

Det blir satt fram kaffi/te og frukt frå klokka 11.00. 

Det blir høve til å intervjue statsråden.

Ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Ragnhild Skaara Imset.
E-post rask@kd.dep.no eller telefon 934 35 930.