Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett 2017

Styrker satsinga på nye lærarar, studieplassar og forsking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa foreslår meir pengar til ettergiving av grunnskolelærarars studielån. Det skal også bli fleire studieplassar og forskingsstillingar, og vaksne i arbeidslivet skal få meir digital kompetanse.

– Vi skaper morgondagens jobbar gjennom satsing på kunnskap og forsking. Vi vil ha ein skole der elevane lærer enda meir av dyktige lærarar, og ein utdannings- og forskingssektor i verdsklasse, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. 

I dag legg regjeringa fram forslag til revidert nasjonalbudsjett. 

Lærarar i nord får 20 000 kvart år

Regjeringa foreslår å innføre to nye ordningar som skal auke delen av lærarane i skolen som er kvalifiserte, og gjere det meir attraktivt å bli lærar. 

Den eine ordninga er eit strakstiltak for Finnmark og sju kommunar i Nord-Troms. Med denne ordninga kan kvalifiserte grunnskolelærarar få sletta 20 000 kroner av studielånet kvart år dei arbeidar i ein skole i regionen. Det kjem i tillegg til den summen alle yrkesaktive i tiltakssona får ettergitt.

Dermed vil kvalifiserte lærarar kunne få inntil 45 000 kroner av studielånet sletta per år. Ordninga skal vare fram til 2022, når den andre ettergivingsordninga begynner å få effekt. Dette for at dei to ordningane ikkje skal overlappe. 

– Dette er eit strakstiltak. I Nord-Noreg er  betydeleg fleire av lærarane ufaglærde enn i resten av landet. Derfor tar vi grep for å få fleire kvalifiserte lærarar i regionen. Dyktige lærarar er det som har mest å seie for kor mykje elevane lærer, seier Røe Isaksen.    

Får dekt halve studielånet

Den andre ordninga vil dekke opptil 160 000 kroner av studielånet til dei som byrjar på femårig lærarutdanning hausten 2017 eller seinare, og som jobbar som lærar i minst tre år etter at dei er ferdige med utdanninga.

Regjeringa foreslår at ordninga blir tredelt:

1) Studentar som fullfører femårig lærarutdanning på normert tid, vil få sletta om lag 50 000 kroner.

2)  Studentar som tar lærarutdanning for 1.-7.trinn på normert tid, vil i tillegg få sletta om lag 55 000 kroner.

3) Studentar som fullfører femårig lærarutdanning og tar jobb i Nordland, Troms eller Finnmark, får i tillegg sletta om lag 55 000 kroner. 

– Vi håper fleire vil bli lærarar. Særleg treng vi mange dyktige lærarar til dei yngste elevane. Som lærar i 1. til 7. klasse hjelper du elevane med å knekke lese- og reknekoden. Du er også med på å forme framtida deira, seier Røe Isaksen. 

Fleire studieplassar og forskingsstillingar

Regjeringa foreslår også 6,4 millionar kroner til 60 nye studieplasser. 30 av desse er foreslått til Høgskolen i Molde, og desse skal leggjast til høgskolesenteret i Kristiansund. 30 plassar er foreslått til Høgskulen på Vestlandet, og desse skal leggjast til Florø. I tillegg vil Høgskolen i Innlandet få 1,5 millionar kroner til studietilbod i Virtual Reality.  

– Vi skal utdanne dyktige arbeidstakarar for framtida, og vi vil gi alle unge moglegheit til å studera same kva for sosial og økonomisk bakgrunn dei har. Derfor har denne regjeringa saman med Venstre og KrF oppretta til saman nær 2700 studieplassar, seier Røe Isaksen. 

Nye forskarstillingar på Gjøvik

Regjeringa foreslår også å løyve 1,6 millionar kroner til fire nye rekrutteringsstillingar ved Noregs teknisk-vitenskaplege universitet. Rekrutterings­stillingane skal gå til Center for Cyber and Information Security (CCIS) på Gjøvik. 

Frå før har regjeringa og samarbeidspartia oppretta 794 rekrutteringsstillingar i regjeringsperioden. 542 av desse er knytte til langtidsplanen for forsking og høgre utdanning, og dette er fleire enn dei 500 nye stillingane som var målet i langtidsplanen. Rekrutteringsstillingar er stipendiat-stillingar og postdoktor-stillingar som er viktige for å rekruttere nye forskarar, og for å auke forskingsaktiviteten på prioriterte fagområde. 

Betre digital kompetanse for vaksne

Regjeringa vil styrke ordninga Kompetansepluss arbeid med 17 millionar kroner, slik at det til saman går ut om lag 200 millionar kroner i 2017. Gjennom ordninga kan bedrifter søke om å gi tilsette opplæring i grunnleggande ferdigheiter. Denne ekstraløyvinga skal gå særskilt til å styrke digitale ferdigheiter blant vaksne.

– Arbeidslivet blir stadig meir digitalisert. Skal vaksne stå lenge i jobb og takle omstillinga til ein meir IKT-basert arbeidskvardag, er det viktig at dei har gode nok digitale ferdigheiter. Derfor styrker vi tilbodet slik at fleire får den digitale kompetansen, seier kunnskapsministeren.