Historisk arkiv

Ny struktur for yrkesfag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Måndag 5. mars legg kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner fram den nye strukturen for yrkesfagutdanninga som skal gjelde frå 2020. Det blir den største endringa i yrkesfagutdanninga sidan Kunnskapsløftet i 2006.

Tid: Måndag 5. mars kl. 10.00 – 11.30.

Stad: Kuben yrkesarena, Kabelgaten 10, Oslo.

Kontakt: Kommunikasjonsrådgivar Hong Pham, tlf. 91135990, hoph@kd.dep.no

Noreg vil mangle over 90 000 fagarbeidarar i 2035, ifølge Statistisk sentralbyrå. Mange bedrifter manglar faglært arbeidskraft. Samstundes viser utgreiingar at mange yrkesfagelevar ikkje har nok kunnskap i faget dei skal jobbe med når dei kjem ut i lære, og at næringslivet ikkje får arbeidstakarar med kompetansen dei treng.

Med ny struktur for yrkesfagutdanninga vil regjeringa bidra til at Noreg får nok fagarbeidarar i framtida, og dugelege fagarbeidarar som har den kompetansen arbeidslivet treng. 

 Program:

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner vil presentere dei viktigaste endringane i strukturen for dei yrkesfaglege utdanningane, og han vil hilse på elevar som tek yrkesfag.

 Det blir høve til separate intervju med kunnskapsministeren rundt kl. 11.00

Det vil vere organisasjonar frå yrkesfagsektoren til stades.

 Vi set pris på om journalistar som ønsker å kome melder seg på til hoph@kd.dep.no